John Hegg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Hegg
Fødd9. juni 1835
Død2. februar 1924
NasjonalitetNoreg
Yrkepolitikar

John Knutsson Hegg (9. juni 18352. februar 1924) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Vang i Valdres.

Hegg var fødd på fjellstua Nystuen oppe på Filefjell i Vang. Far hans var fjellstumann og stasjonshaldar. Sidan det var langt til bygds, vart han undervist av ein gammal omgangsskulelærar som vart hyra til huslærar nokre veker kvar sommar. Det varte heile hans skuletid. I 1865 gifta han seg til eit gardsbruk på Hegg i Borgund i Sogn. Frå 1871 var han i tillegg postopnar.

Hegg var medlem av heradsstyret i Borgund frå 1866 til 1901. I 26 av åra var han ordførar. Elles var han 24 år medlem av forlikskommisjonen. Han var 4. representant frå Nordre Bergenhus amtStortinget i perioden 1886-88, medlem av vegkomiteen. I perioden føreåt var han 4. varamann, bolken 1892-94 3. varamann.

Hegg døydde heime på garden i Borgund i 1924.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914