John Helliwell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Helliwell

Helliwell på scenen i mai 2011
Fødd15. februar 1945 (79 år)
FødestadTodmorden i West Yorkshire
Storbritannia
FødenamnJohn Anthony Helliwell
OpphavStorbritannia
SjangerRock
InstrumentSaksofon, klarinett, klaverinstrument
Tilknytte artistarSupertramp, The Alan Bown Set, Super Big Tramp Band
Verka somMusikar

John Anthony Helliwell (fødd 15. februar 1945) er ein engelsk musikar og saksofonist og blåseinstrumentalist for rockebandet Supertramp.[1] Han har òg vore seremonimeister på konsertane til bandet og snakka og spøkt med publikum mellom songane.

Helliwell spelte med The Alan Bown Set, der han erstatta Dave Green i januar 1966[2] før han kom inn i Supertramp i 1973[3] i lag med bassist Dougie Thomson, som overtydde Helliwell om å bli med. I 2004 skipa Helliwell bandet Crème Anglaise i lag med Mark Hart, som kom med i Supertramp i 1985. Denne gruppa spelte inn eit sjølvoppkalla debutalbum i 2005.

I 1987 spelte Helliwell på Pink Floyd-albumet A Momentary Lapse of Reason, der namnet hans var feilskrive som «Halliwell».[4] Dette skjedde etter at Pink Floyd-gitaristen David Gilmour hadde spelt på Supertramp-albumet Brother Where You Bound. Helliwell spelte òg med den franske songaren Jean-Jacques Goldman i 1985 på albumet Positif.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stephen Thomas Erlewine & Andrew Leahe. «Supertramp». All Music Guide. Arkivert frå originalen 4. oktober 2009. 
  2. Jeff Bannister (2007). «The Alan Bown Set». Henta 1. juli 2010. 
  3. «Supertramp biography». MusikarGuide.com. Henta 26. februar 2010. 
  4. A Momentary Lapse of Reason

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]