John Herstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Herstad
Fødd10. juli 1936
Bergen
NasjonalitetNoreg
Yrkehistorikar
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
Universitetet i Bergen

John Herstad (fødd 10. juli 1936) er ein norsk historikar og arkivmann. Han er tidlegare professor ved Universitetet i Tromsø og riksarkivar.

I 1962 fullførte Herstad hovudfag i historie ved Universitetet i Bergen på ei oppgåve om Foreningliv i Bergen 1814-1850. Etter avlagt hovudfagseksamen vart han tilsett som vitskapleg assistent og seinare universitetslektor ved Universitetet i Bergen.[1] I 1974 vart han tilsett ved Institutt for historie, Universitetet i Tromsø.[1] Han vart i 1975 instituttstyrar.[2] I 1980 vart han utnemnd til professor i historie.[1]

Frå 1982 til 2006 var Herstad riksarkivar.[3] Som riksarkivar ville Herstad modernisere norsk arkivvesen. Han fekk oppretta Norsk Arkivakademi i 1992, arbeidde med å få til eit eige arkivfag på Universitet, ivra sterkt for å få på plass Arkivlova 1992, fekk på plass ei lang rekke med byggesaker i Arkivverket, og han var sentral i opprettinga av Digitalarkivet 1998.[1] Herstad gjekk av med pensjon 1. august 2006, etter nær 25 år som riksarkivar.[4]

Som historikar har Herstad arbeidd med befolkningshistorie og kornmonopolet under dansketida, og han publiserte i 2000 boka I helstatens grep: Kornmonopolet 1735-88. I samband med 200-årsjubileet for Henrik Wergeland gav han i 2008 ut ei bok om Henrik Wergelands virke som riksarkivar. Boka er basert på primærkjelder, og gjenreiser diktaren som riksarkivar.

Kongen utnemnde 5. desember 2005 Herstad til kommandør av St. Olavs Orden «for hans innsats for norsk arkivvesen».[5]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • «Archivaren, - Gud bevar'en!»: Henrik Wergeland som riksarkivar, Oslo: Messel forlag, 2008.
  • I helstatens grep: Kornmonopolet 1735-88, Oslo: Tano Aschehoug, 2000.
  • Bispelistene som kilde til eldre norsk befolkningsstatistikk, 1984.
  • Folkemengdens bevegelse i Bergen stift 1735-1820 : tall og fakta, 1968.
  • Foreningsliv i Bergen 1814-1850, Historisk institutt, Universitetet i Bergen, 1962.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Marianne Herfindal Johannessen: «Henrik Wergeland - Norges første riksarkivar», bt.no, 17. juni 2008.
  2. «Ledelse og administrasjon» Arkivert 2007-06-12 ved Wayback Machine., Universitetet i Tromsø, Institutt for historie.
  3. Espen Søbye: «Gjenreist som riksarkivar», Dagbladet.no, 16. juni 2008.
  4. «Ivar Fonnes utnevnt til ny riksarkivar», Pressemelding Nr.: 46/06, Kultur- og kirkedepartementet, 19. mai 2006.
  5. «Tildeling av ordener og medaljer: Søk i arkivet», Kongehuset.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]