John Hughey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Hughey
Fødd27. desember 1933(1933-12-27)
FødestadElaine i Arkansas i USA
Død18. november 2007 (73 år)
DødsstadNashville
OpphavUSA
Aktiv1953–2007
SjangerCountry
InstrumentPedalsteelgitar
Tilknytte artistarVince Gill
Conway Twitty
Verka somStudiomusikar

John Hughey (27. desember 193318. november 2007) var ein USA-amerikansk musikar. Han var mest kjend som studiomusikar på pedalsteelgitar for mange countryartistar, som Vince Gill og Conway Twitty. Han var medlem av Pedal Steel Guitar Hall of Fame og var kjend for den særeigne spelestilen kalla «crying steel» («gråtande steel») som hovudsakleg fokuserte på dei lysare tonane på gitaren.

Hughey fekk ein Gene Autry flat-top-gitar då han var ni år gammal, men byta i tenåra til steelgitar. Han var først med i Phillips County Ramblers og seinare Slim Rhodes And Mother’s Best Mountaineers då steelgitaristen deira vart kalla til Vietnamkrigen og vart verande med dei i 15 år. I 1968 møtte han barndomsvenen Conway Twitty og vart medlem av bandet hans, the Lonely Blue Boys. Ein kan mellom anna høyre steelgitaren hans på den første førsteplassen til Twitty på countrylista i USA, «Next In Line». The Lonely Blue Boys utvikla seg til the Twitty Birds og ei stund var òg bror til John, Gene, med i bandet. Steelgitaren og den «gråtande» stilen hans vart mest nytta på dei store singlane til Twitty, men i 1980 hadde Hughey byrja å bli frustrert. Twitty hadde seld retten til suvenirane sine til eit anna selskap, og musikarane hans fekk ikkje lenger prosentdelar av salet. Twitty nytta òg i mindre grad steelgitar og etter nokre ulukkelege år slutta Hughey omsider i 1988.[1]

Han arbeidde for Loretta Lynn i eit år og samarbeidde seinare med Vince Gill.

Som studiomusikar arbeidde Hughey på to album med Elvis Presley (From Elvis In Memphis og Back In Memphis) i tillegg til album med Joe Diffie, Alan Jackson, Reba McEntire, Dean Martin og Dolly Parton. Han spelte òg med den Nashville-baserte supergruppa av studiomusikarar kalla Time Jumpers.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]