John Jacob Niles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Jacob Niles
Lt.-John-Jacob-Niles.jpg
Fødd28. april 1892
FødestadLouisville
Død1. mars 1980 (87 år)
DødsstadLexington i Kentucky
OpphavUSA
Instrumentvokal
Stemmetypekontratenor
PlateselskapTradition Records
Verka somkomponist, songar, musikkforskar

John Jacob Niles (28. april 18921. mars 1980) var ein amerikansk musikar, songar, komponist og folkemusikksamlar som særleg interesserte seg for gamle balladar. Niles hadde ei viktig rolle i den amerikanske gjenopplivinga av visesong på 1950- og 1960-talet, då artistar som Odetta, Joan Baez, Burl Ives, Peter, Paul and Mary og Bob Dylan spelte inn songane hans.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Niles var fødd i Louisville i Kentucky, og lærte om musikk av mor si. Då han var tenåring byrja han skriva ned folkemusikk han høyrde. Han blei etterkvart ein seriøs forskar på folkemusikk frå Appalachane ved å notera ned tradisjonssongar frå munnlege kjelder medan han var tilsett som reisande for Burroughs Corporation i Aust-Kentucky, frå 1910 til 1917. Han var med i U.S. Army Air Service under den fyrste verdskrigen, der han blei såra. Etterpå studerte han musikk i Frankrike, fyrst i Lyon og så i Paris ved Schola Cantorum, der han møtte Gertrude Stein. Han vende tilbake til USA i 1920, og fortsette studia sine ved Cincinnati Conservatory of Music, der han arbeidde med Ralph Lyford.[1] Han song opera i Chicago og folkesongar på tidleg radio. I 1925 flytta han til New York by og fekk ulike jobbar i underhaldningsindustrien. I 1930-åra turnerte han i Europa og USA med alten Marion Kerby. Han opptredde ved Det kvite huset i 1938, og fleire gonger ved Newport Folk Festival på 1950-talet.

Niles byrja gje ut musikk på 1920-talet. Han utførte fire lengre reiser sør i Appalachane som assistent for fotografen Doris Ulmann, og nedteikna igjen folkesongar frå munnlege kjelder, mellom anna balladane «Pretty Polly», «Barbara Allen» og «He's Goin' Away». Ved andre høve skreiv han ned songar han hadde høyrt frå afro-amerikanarar og medsoldatar i krigen.

Niles skreiv også eigne songar, mange med grunnlag i folkesongar. Songane hans omfattar mellom anna «Venezuela», og julesongen «I Wonder As I Wander». Han skreiv «Go 'Way From My Window» då han var 16 år gammal, men framførte ikkje songen før i 1930. Marlene Dietrich spelte inn denne songen og framførte han på scena. Bob Dylan siterte fyrstlinja i songen sin «It Ain't Me Babe». Den nye melodien til den tradisjonelle folkesongen «Black Is the Color (Of My True Love's Hair)» fekk også stor tyding på viserørsla på 1950- og 1960-talet. Seinare i livet gav Niles ut komposisjonar i ein meir klassisk stil, mellom anna verk for kor og kunstongar for røyst og piano. Blant desse kan ein nemna Niles-Merton Songs, ei samling av 22 songar med musikk til dikt av Thomas Merton.

Frå 1938 spelte Niles inn fleire av dei eigenskrivne og dei innsamla songane sine, i ein intens og dramatisk stil. Han nytta ein typisk svært høg falsett i framføringa, og akkompagnerte seg sjølv på sjølvlaga appalachian dulcimerinstrument.

Han gifta seg med Rena Lipetz i 1936. Dei slo seg ned på Boot Hill farm i Clark County i Kentucky, og fekk to søner, Thomas Michael Tolliver og John Edward. Paret budde resten av livet sitt her.

Niles døydde i Lexington i Kentucky 1. mars 1980, 87 år gammal. Han er gravlagd ved St. Hubert's Episcopal Church i Clark County i Kentucky. John Jacob Niles Center for American Music ved University of Kentucky har fleire av tradisjonsinstrumenta han laga.[2]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Early American Ballads (1938, RCA Victor 78 rpm record album)
  • Early American Carols & Folk Songs (1940, RCA Victor 78 rpm record album)
  • The Tradition Years: I Wonder as I Wander (1958, Tradition Records; 2006, Empire Musicwerks)
  • American Folk & Gambling Songs (1956, Camden Record LP)
  • Sings American Folk Songs (RCA Camden LP)
  • 50th Anniversary Album (RCA Camden LP)
  • An Evening With John Jacob Niles (1959, Tradition Records LP; 2002, Empire Musicwerks)
  • John Jacob Niles Sings Folk Songs (1964, Folkways Records LP)
  • The Asch Recordings, 1939 to 1945 – Vol. 2 (1967, Folkways Records)
  • No Direction Home (Bob Dylan documentary DVD) – contains a video clip of "Go 'Way From My Window".
  • Mister Lonely, Directed by Harmony Korine in 2008 – contains "The Maid Freed from the Gallows".
  • The Boone–Tolliver Recordings (2012, Living Music Dupli-cation)

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1929 One man's war; the story of the Lafayette Escadrille (med Bert Hall)
  • 1929 The Songs My Mother Never Taught Me (med Douglas Moore)
  • 1934 Songs of the Hill Folk
  • 1950 The Shape Note Study Book
  • 1961 The Ballad Book of John Jacob Niles
  • 1968 Singing Soldiers
  • 1969 The Black Dress
  • 1977 Brick Dust and Buttermilk

Notar[endre | endre wikiteksten]

  • 1929 Seven Negro exaltations
  • 1935 Ten Christmas carols from the Southern Appalachian Mountains
  • 1945 The Anglo-American ballad study book: containing eight ballads in current tradition in the United States of America

Filmar[endre | endre wikiteksten]

  • 1978. John Jacob Niles. Whitesburg, Kentucky: Appalshop.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]