John Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Jensen
John-faxe-jensen-2002.jpg
John Jensen i 2002
Personleg informasjon
Fødd 3. mai 1965 (54 år)
Fødestad København
Høgd 178 cm
Posisjon Sentral midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1983-1988 Brøndby
1988-1990 Hamburg 47 (0)
1990-1992 Brøndby 44 (4)
1992-1996 Arsenal 99 (1)
1996-1999 Brøndby 90 (3)
1999-2001 Herfølge 40 (0)
Landslag
1987-1995 Danmark 69 (4)
Trenar for
1999-2002 Herfølge
2002-2006 Brøndby (assisterande trenar)
2007-2008 Getafe (assisterande trenar)
2009 Randers
2011 Blackburn (assisterande trenar)
2012-2013 Brøndby (konsulent)
2014-2018 Fremad Amager
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

John Jensen (fødd 3. mai 1965) er ein dansk tidlegare fotballspelar og -trenar frå København, som vart europameister med Danmark i 1992. Midtbanespelaren vann i si tids sju seriegull med Brøndby IF og vart FA-cupmeister 1993 med London-klubben Arsenal FC.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Jensen, med tilnamnet Faxe, var Brøndby-spelar i tre periodar; 1983-88, 1990-92 og 1996-99. I kvar av desse tre periodane var han med å vinne høvesvis to, to og tre seriemeistertitlar med laget frå heimbyen København. År 1987 vart han elles kåra til årets spelar i Danmark. Inn i mellom spelte han på Hamburger SV 1988-90 og Arsenal FC 1992-95. Med Arsenal vann han FA-cupen 1993, men skåra desse sesongane eitt einaste ligamål og vart rekna for ei svært dårleg signering. Sesongen 1999/2000 var han spelande trenar i Herfølge Boldklub, og leidde laget til ein sensasjonell triumf i i den danske toppserien (superligaen). Han la fotballskorne på hylla i 2001.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Den 24. september 1986 fekk Jensen sin landslagsdebut som innbytar då heimelaget tapte 0-2 mot Vest-Tyskland. Han spelte to av dei tre kampane då Danmark deltok fotball-EM 1988. I den neste europameisterskapen i Sverige fire år seinare, vart han kjend for eit stort fotballpublikum då han gav Danmark leiinga 1-0 mot Tyskland i EM-finalen 1992, ein kamp som enda med 2-0 og dansk EM-pokal. I august 1995 vart han bytta ut då Danmark slo heimelaget Armenia 2-0 i Jerevan. Etter 69 kampar og fire mål i landslagsdrakt kom han ikkje med i fleire landslagstropper.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1992 med Danmark
  • Dansk seriemeister: 1987, 1988, 1990, 1991, 1996, 1997 og 1998 med Brøndby IF
  • Engelsk cupmeister: 1993 med Arsenal FC
  • Dansk seriemeister: 2000 med Herfølge BK

Kjelder[endre | endre wikiteksten]