John Ljunggren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Ljunggren


Statsborgarskap Sverige
Fødd 9. september 1919
Forsheda
Død

13. januar 2000 (80 år)
Voxtorps församling, Östbo-Västbo kontrakt

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1948, Sommar-OL 1952, Sommar-OL 1956, Sommar-OL 1960, Sommar-OL 1964

John Artur Ljunggren (9. september 191913. januar 2000) var ein svensk kappgjengar frå Forsheda som vart europameister 1946 og olympisk meister 1948 i 50 km kappgang. Han vann elles sølv og bronse i same øvinga under Sommar-OL 1960 og 1956, i tillegg til EM-sølv i 1950.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

John Ljunggren under Sommar-OL 1960

Ljunggren gjekk mykje som barn. Som kappgjengar vart han kjend for sin gang-teknikk, og vart aldri diskvalifisert frå nokon av dei 499 tevlingane deltok i. Nasjonalt deltok han også i sykling, orientering, terrengløp og langrenn.

Ljunggren var van med heitt, men ikkje kjølig vêr, så då OL-tevlinga i Helsinki i 1952 gjekk i kjølig sommarregn fekk han krampe og enda på niandeplass. Kort før målgang under Sommar-OL 1960 i Roma auste ein velmeinande funksjonær ei bøtte isvatn over han, Ljunggren fekk så krampe og vart andremann. Under dei olympiske sommarleikane 1956 i Melbourne gjekk han inn til bronse, trass i ei sår-infisert tå.

Ljunggren var kristen og skal ha sagt at «idrotten har givit mig allt utom pengar!». Han døydde i Voxtorps församling i Värnamo kommune, 80 år gammal.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1946 i Oslo: Gullmedalje på 50 km - 4.38.20, framom Henry Forbes (4.42.58)
  • OL 1948 i London: Gullmedalje på 50 km - 4.41.52, framom Gaston Godel (4.48.17)
  • EM 1950 i Brussel: Sølvmedalje på 50 km - 4.43.25, bakom Giuseppe Dordoni (4.40.42)
  • OL 1952 i Helsinki: Nr 9 på 50 km - 4.43.45
  • EM 1954 i Bern: Nr 4 på 50 km - 4.38.09
  • OL 1956 i Melbourne: Bronsemedalje på 50 km - 4.35.02. Nr 4 på 20 km - 1.32.24
  • EM 1958 i Stockholm: Nr 9 på 50 km - 4.42.40
  • OL 1960 i Roma: Sølvmedalje på 50 km - 4.25.47, bakom Don Thompson (4.25.30). Nr 7 på 20 km - 1.37.59
  • EM 1962 i Beograd: Nr 5 på 50 km - 4.30.19
  • OL 1964 i Tokyo: Nr 16 på 50 km - 4.29.09. Nr 19 på 20 km - 1.37.03

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]