John Malecela
Hopp til navigering
Hopp til søk
John Malecela | |
Fødd | 19. april 1934 |
---|---|
Parti | Chama cha Mapinduzi |
1. verv | Visepresident i Tanzania |
- periode | 9. november 1990–7. desember 1994 |
- føregangar | Joseph Sinde Warioba |
- etterfylgjar | Cleopa Msuya |
2. verv | Statsminister i Tanzania |
- periode | 9. november 1990–7. desember 1994 |
John Malecela (fødd 19. april 1934) er ein tanzaniansk politikar som var visepresident og statsminister i Tanzania samstundes frå 1990 til 1994, under president Ali Hassan Mwinyi. Frå 1995 til 2007 var han nestleiar for regjeringspartiet Chama cha Mapinduzi (CCM), og er framleis medlem i sentralkomiteen i partiet. Han var den permanente representanten frå Tanzania til FN mellom 1964 og 1966, og i 1967 var han den tanzanianske ambassadøren til Etiopia og Organisasjonen for afrikansk eiskap (OAU). Frå 1972 til 1973 var han utanriksminister i Tanzania.
Malecela har utdanning i handelsverksemd frå University of Bombay og University of Cambridge, og fekk eit æresdoktorat frå University of Texas i 1977.