John Moses

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John Moses portrettert av Christian Olsen. Måleriet tilhøyrer Eidsvoll 1814.
Frå DigitaltMuseum

John Moses (16. april 178129. januar 1849) var ein norsk kjøpmann, skipsmeklar og eidsvollsmann frå Kristiansund.[1]

Moses var son av ein klippfiskkjøpmann av engelsk ætt.[2] Han vart sjølv kjøpmann i heimbyen Kristiansund og dreiv med eksport av trelast og klippfisk. Moses bygde opp ei stor flåte med skip til verksemda si og allereie i 1806 åtte han 23 skip.[2]

I 1814 var Moses utsending frå Kristiansund til riksforsamlingaEidsvoll. Moses var da 33 år gamal og det er truleg at han vart vald på grunn av at han var ein dugeleg handelsmann, med gode kontaktar til utlandet, særleg England. I forsamliga var han relativt anonym, men han kom med eit framlegg om at statsoverhovudet skulle ha tittel av regent, ikkje konge, i redsle for ei sterk kongemakt.[2] Han høyrde til unionspartiet.

I 1815 kom buet hans under konkurshandsaming. Han flytta då til London og var sidan skipsmeklar der. Moses døydde i London.

I 1814 budde Moses i Clausengarden i Kristiansund. Huset vart øydelagt under bombinga av byen i 1940.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tallak Lindstøl (1914) «John Moses» – i: Stortinget og statsraadet: samt tillæg, s. 605—606 – Steen'ske bogtrykkeri, Kristiania.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Christ Allan Sylthe (2014) «John Moses og Clausengåden i Kristiansund» – i: De kom fra alle kanter. Eidsvollsmennene og deres hus (red. Jørn Holme), s. 421—425 – Cappelen Damm, Oslo. ISBN 978-82-02-44564-5.