John O. Longva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John O. Longva
Fødd 13. juni 1906
Død

19. januar 1988 (81 år)

John Ivar O. Longva (fødd 13.juni 1906 på Longva i Haram, død 19. januar 1988) var ein norsk fiskar og fiskebåtreiar. 15 år gammal starta han som fisker. I 1934 vart han skipper på eigen båt. I 1954 fekk han bygt linebåten Longva, som han dreiv kveitefiske med ved Grønland. Der kom han i kontakt med det britiske fabrikktrålarmiljøet. Det inspirerte han til arbeidet med å få seg eigen trålar. I åtte år samarbeidde han med Nils og Adolf Liaaen, ved bedrifta A.M Liaaens Mek. Verksted i Ålesund om konstruksjonen av skipet. Det var ferdig i november 1962. FT «Longva» var første fabrikkskipet i Noreg. Seinare fekk Longvatrål, reiarlaget til Johan Longva, fleire fabrikkskip. Dei fiska for det meste ved Vest-Grønland, Labrador og i Barentshavet. Fileten som vart produsert vart eksportert direkte til utlandet. For å halde fabrikkskipa operative, bygde Longva opp store landanlegg i Gangstøvika i Ålesund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]