John Ray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

John Ray (29. november 162717. januar 1705) var ein engelsk prest og naturvitskapsmann som vart verdsett som ein av dei tidlegaste naturforskarane blant dei engelske prestane. Fram til 1670 skreiv han namnet sitt som John Wray. Han publiserte viktige arbeid om botanikk, zoologi og naturleg teologi. Han er kjent for klassifisering av plantar i verket Historia Plantarum, eit viktig skritt mot moderne taksonomi. Ray avviste systemet med dikotomisk inndeling der artar vart klassifiserte i samsvar med eit førehandsoppfatta, enten/eller typesystem. I staden klassifiserte han plantar i samsvar med formlikskapar og forskjellar som kom fram ved observasjon. Han var blant dei første som freista ein biologisk definisjon for omgrepet 'art', som «ei gruppe morfologisk liknande organismar som stammar frå ein felles forfar».[1] Eit anna vesentleg bidrag til taksonomi var inndelinga hans av plantar i dei med tofrøbladingar (dicotyledoneae) eller berre eitt, einfrøbladingar, ei inndeling som blir brukt i taksonomi i dag.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Historia plantarum generalis, in the volume published in 1686, Tome I, Libr. I, Chap. XX, page 40 (Quoted in Mayr, Ernst. 1982. The growth of biological thought: diversity, evolution, and inheritance. Cambridge, Mass.: Belknap Press: 256)
  2. Atran, Scott (1992). Cognitive Foundations of Natural History: Towards an Anthropology of Science. Cambridge: Cambridge University Press. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]