John Regis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Regis


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 13. oktober 1966 (57 år)
Lewisham
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen

John Lyndon Regis (fødd 13. oktober 1966) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå Lewisham i London. Han vann sølvmedaljen på 200 meter i VM 1993 og bronsen på same distansen i VM 1987. Under Tokyo-VM 1991 sprang han ein etappe for britiske laget som vann gull i 4 x 400 meter stafett.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Regis sette personbeste med 20,18 sekundar då han i 1987 sprang inn bronse på 200 m ved verdsmeisterskapen i Roma. I 1988 var han med på Storbritannia sitt sølvlag i 4 × 100 meter stafett i Sommar-OL 1988.

Under europameisterskapen 1990 i Split vann Regis medalje i alle fire tevlingane deltok i. Det tok til med bronse på 100 m, heldt fram med gull og ny personbeste på 200 m, deretter sølv på den korte stafetten og eit gull nummer to på den lange stafetten (europarekord). Året etter sprang han den tredje etappen for det britiske mannskapet som vann gull i 4 x 400 m stafett, framom storfavorittane frå USA.

Ved dei olympiske sommarleikane 1992 i Barcelona vart Regis, trass ny personbeste på 20,09, sjettemann på 200 m, og han var med om å vinne ein bronsemedalje i 4 x 400 m stafett. Eitt år seinare sette han britisk rekord med 19,94 då han sikra seg seg sølvmedaljen på 200 meter ved VM i Stuttgart, sølv fekk han også i 4 x 100 m stafett. Under særs gunstige tilhøve i Sestriere i Italia 31. juli 1994 senka Regis sin britiske 200-meterrekord til 19,87 sekundar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1987 i Roma: Bronsemedalje på 200 m – 20,18
  • OL 1988 i Seoul: Sølvmedalje i 4 x 100 m stafett (38,28). Utslått i semifinalane på 200 m (20,69=nr 13)
  • EM 1990 i Split: Gull på 200 m – 20,11, bronse på 100 m (10,07). Gull i 4 x 400 m stafett (2.58,2), sølv i 4 x 100 m stafett (37,98)
  • VM 1991 i Tokyo: Gull i 4 x 400 m stafett (2.57,5), bronse i 4 x 100 m stafett (38,09). Utslått i semifinalane på 200 m (20,52=nr 9)
  • OL 1992 i Barcelona: Bronse i 4 x 400 m stafett (2.59,7). Nr 6 på 200 m – 20,55
  • VM 1993 i Stuttgart: Sølvmedalje på 200 m – 19,94, og i 4 x 100 m stafett (37,77)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]