John Robinson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Robinson

Fødd29. desember 1954 (69 år)
FødestadCreston
FødenamnJohn Frederick Robinson
OpphavUSA
AktivSidan 1978
SjangerRock, funk, pop
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarRufus and Chaka Khan, Quincy Jones, Michael Jackson, David Foster, Richard Marx, Wilson Phillips, Daft Punk, Peter Frampton
PlateselskapWarner Bros.
Verka somMusikar

John Frederick Robinson (fødd 29. desember 1954)[1] er ein USA-amerikansk trommeslagar og studiomusikar. Han er mest kjend for arbeidet sitt med Quincy Jones, inkludert Michael Jackson-albumet Off the Wall og singelen «We Are the World».

Robinson var fødd i Creston i Iowa og studerte ved Berklee College of Music i Boston. Han har gjeve ut to soloalbum: Funkshui (2004) og Platinum (2007). Han vart innlemma i Iowa Rock 'n Roll Music Association Hall of Fame i 2005.

Robinson har spelt filmmusikk for fleire filmar, som Grand Canyon, ER, My Cousin Vinny, Jerry Maguire, The Bodyguard, Independence Day, Man of Steel, Space Jam, That Thing You Do! og Batman v Superman: Dawn of Justice.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som sidemann[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «John JR Robinson». Berklee College of Music. Arkivert frå originalen 28. februar 2019. Henta 28. juli 2013.