John Russell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Russell
John-Russell-1st-Earl-Russell (cropped).jpg
Fødd18. august 1792
Mayfair
Død28. mai 1878 (85 år)
Statsborgar avKongeriket Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
PartiWhigpartiet, Det liberale parti
Yrkepolitikar
InstitusjonarUniversity of Glasgow
Utdanna vedUniversity of Edinburgh
Westminster School
MorGeorgiana Byng
FarJohn Russell
EktefelleFrances Russell, Adelaide Lister
BarnRollo Russell, John Russell, Agatha Russell, Georgiana Adelaide Russell, Victoria Russell, George Gilbert William Russell
MedlemDet bayerske vitskapsakademiet
Royal Society
Royal Statistical Society
Royal Historical Society
Det kongelige råd

John Russell (18. august 179228. mai 1878) var ein britisk adelsmann og politikar som var statsminister i Storbritannia i to periodar kring midten av 1800-talet. Russell, som høyrde til ei av dei mektigaste adelsættene i England, var ein leiande politikar for whig-partiet gjennom fleire tiår. I 1832 var han hovudarkitekten for den skiljesetjande Reform Act 1832, ei lov som endra valsysetemet i England og Wales og utvida røysteretten. Åra 1846-52 var han statsminister i ei whig-regjering som ikkje evna å kome med noko avgjerande boteråder mot hungersnauda i Irland, der fjerdeparten av ibuarane på øya strauk med. Det vart då også den siste whig-regjeringa. Russell var på ny statsminister 1865-66, då for det som kan seiast å vere den fyrste regjeringa til det som skulle verte det liberale partiet i Storbritannia.

Når Russell heldt seg så lenge i fremste rekke i britisk politikk, kom det mykje av at han heile tida vedvarande stridde for ideane og sakene han fremja. Som politikar var han såleis mykje oppteken av abstrakte prinsipp, og evna mindre å utvikle fornuftige og praktiske tiltak for samfunnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]