John Shanks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Shanks

Fødd18. desember 1964 (59 år)
FødestadNew York by
FødenamnJohn Matthew Shanks
OpphavUSA
SjangerRock, countryrock, pop-rock
Instrumentgitar
Verka somgitarist, låtskrivar, plateprodusent

John Matthew Shanks (fødd 18. desember 1964) er ein USA-amerikansk musikar, låtskrivar og produsent.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Shanks byrja å spele i bandet til Melissa Etheridge i 1988 og turnerte med ho i fleire år. Shanks byrja å skrive musikk for andre artistar tidleg i 1990-åra, mellom andre for Bonnie Raitt, Joe Cocker og Tuck & Patti. Han fekk òg den første forlagsavtalen sin.

Shanks spelte igjen med Etheridge i 1995 då dei samarbeidde på songane hennar for Your Little Secret. Han har arbeidd med ho i fleire år etter det og vore medprodusent på albumet Breakdown i 1999. Breakdown vart nominert til fire Grammy-prisar.

I 2001 produserte Shanks fleire songar for Stevie Nicks-albumet Trouble in Shangri-La og var medlåtskrivar på den første singelen «Every Day», med Damon Johnson.

I januar 2001 arbeidde Shanks med Michelle Branch. I lag skreiv dei fire songar for hitalbumet The Spirit Room, mellom anna den første singelen, «Everywhere». Han produserte òg albumet. Seinare det året var Shanks medlåtskrivar på Sheryl Crow-singelen «Steve McQueen».

Shanks byrja å arbeide med Take That i 2005 på comebackalbumet deira Beautiful World, og han produserte òg det neste albumet deira The Circus i 2008.

Shanks har òg produsert eller skrive for SHeDAISY, Carlos Santana, Celine Dion, Sting, The Corrs, Chris Isaak, Vertical Horizon, Hanson, Unwritten Law, Will Hoge, Stroke 9, Hilary Duff, Keith Urban, Alanis Morissette og Take That. Han produserte Ashlee Simpson-albumet Autobiography i 2004 og var medlåtskrivar på ti av tolv songar på albumet med Simpson. Same året produsert Shanks tre songar for Kelly Clarkson-albumet Breakaway, inkludert tittelsporet «Breakaway», og han arbeidde med Anastacia på to songar for albumet hennar Anastacia, mellom anna singelen «Welcome To My Truth».

Shanks vann Grammy-prisen for årets produsent i 2005 for arbeidet sitt med Autobiography, Kelly Clarkson-songen «Breakaway», Hilary Duff sin «Fly», Robbie Robertson sin «Shine Your Light» og Alanis Morissette-albumet So-Called Chaos.[2] Clive Davis skildra Shanks som «opphavet til den gitardrivne popstilen», som arbeidet hans med Branch, Clarkson, Duff og Simpson syner med bruk av mange akustisk gitarar i motsetnad til den synthesizer-baserte stilen i popmuskken på denne tida.[3]

I 2005 produserte Shanks Ashlee Simpson-albumet I Am Me, og var medlåtskrivar på alle songane på albumet. Shanks arbeidde òg i 2005 på Backstreet Boys-albumet Never Gone og Bon Jovi sitt Have a Nice Day.

I januar 2011 byrja Shanks å arbeide med rockebandet Van Halen og albumet A Different Kind of Truth.

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Låtskrivar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «More Mr. Nice Guy». Billboard. 21. mai 2005. s. 24. 
  2. «GRAMMYS 2005 : Nominees». VH1.com. Arkivert frå originalen 29. juni 2011. Henta 13. august 2015. 
  3. «Interview: John Shanks Discusses Producing Van Halen's New Album, 'A Different Kind Of Truth'». gitar World. 14. august 2013. Henta 13. august 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]