John Sivebæk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Sivebæk
Fødd 25. oktober 1961
Vejle
Yrke fotballspelar, idrettsagent

John Sivebæk (fødd 25. oktober 1961) er ein dansk tidlegare fotballspelar frå Vejle, som vart europameister med Danmark i 1992. Han var ein snøgg, offensiv og teknisk sterk sideback spelte 87 landskampar i tida 1982-92.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Sivebæk spelte dansk toppfotball med heimlege Vejle Boldklub åra 1980-84, og var i 1981 med å vinne cupfinalen 2-1 over BK Frem og verte seriemeister i 1984. Vinteren 1985 fekk han kontrakt med Manchester United, der han fekk heller lite speletid. Frå 1987 til -91 var han aktiv i franske AS Saint-Étienne, medan han i 1991/92-sesongen spelte for konkurrenten AS Monaco. Etter to sesongar i italienske Pescara vende han i 1994 heim til Vejle BK. Han avslutta si tid som aktiv med spel på Aarhus GF (AGF) i 1996/97-sesongen.

Landslagspel[endre | endre wikiteksten]

Sivebæk debuterte på landslaget i mai 1982, og spelte i tre av Danmark fire kampar i fotball-EM 1984. Han skåra sitt einaste landslagsmål då Irland vart slått 4-1 i ein VM-kvalifiseringskamp i november 1985. Både under VM i fotball 1986 i Mexico og EM i fotball 1988 deltok han i fleire av dei danske kampane. Høgdepunktet kom då Danmark overraska ved å vinne europameisterskapen i Sverige i 1992, etter 2-0 over Tyskland i finalen. Han bidrog då i alle seks kampane, i sjølve finalen vart han skadd midtvegs i andre omgang og bytta ut. Seint om hausten 1992 vart han bytta ut då danskane gjesta Nord-Irland, i det som vart hans 87. og siste landskamp.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1992 med Danmark
  • Dansk seriemeister: 1984 med Vejle BK
  • Dansk cupmeister: 1981 med Vejle BK

Kjelder[endre | endre wikiteksten]