John Sykes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Sykes

Sykes i 2008
Fødd29. juli 1959 (64 år)
FødestadReading i Berkshire i England
FødenamnJohn James Sykes
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1980
Sjanger
Instrument
  • Gitar
  • vokal
Verka som
  • Musikar
  • singer
  • låtskrivar

John James Sykes (fødd 29. juli 1959) er ein engelsk gitarist, mest kjend som medlem av Whitesnake, Thin Lizzy og Tygers of Pan Tang. Han har òg fronta hardrockgruppa Blue Murder og gitt ut fleire soloalbum.

Etter ein periode i heavy metal-bandet Tygers of Pan Tang på byrjinga av 1980-talet, vart Sykes med i den irske hardrockgruppa Thin Lizzy på deira album Thunder and Lightning frå 1983. Han vart deretter med i Whitesnake, som han spelte inn det multi-platina-seljande albumet med same namn i 1987. Sykes vart likevel sparka frå bandet før plateutgivinga under bitre omstende, noko som førte til at han danna si eiga gruppe, Blue Murder. Etter to album og ei liveplate starta han ein solokarriere. Resten av 1990-talet og byrjinga av 2000-talet delte Sykes tida si mellom solokarrieren og eit reformert Thin Lizzy, som han fronta fram til 2009, då han forlét bandet for å fokusera på solokarrieren.

Påverka av folk som Jimmy Page, Ritchie Blackmore og Gary Moore, er Sykes kjent for den særeigne spelestilen sin, karakterisert av hans raske alternative plektering, bruk av overtonar og sans for melodi. I 2004 vart han inkludert på Guitar World si liste over dei 100 beste heavy metal-gitaristane gjennom tidene. I 2006 lanserte Gibson ein avgrensa serie med John Sykes Signature Les Paul-gitar, som var modellert etter hans Gibson Les Paul Custom frå 1978.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbums[endre | endre wikiteksten]

med Tygers of Pan Tang[endre | endre wikiteksten]

med Thin Lizzy[endre | endre wikiteksten]

med Whitesnake[endre | endre wikiteksten]

med Blue Murder[endre | endre wikiteksten]

Med andre artistar[endre | endre wikiteksten]

År Artist Album Spor Rolle Kjelde(r)
1992 Def Leppard Adrenalize N/A Korvokal
1996 Ymse artistar Crossfire: Salute to Stevie Ray «Pride and Joy» Gitar [1]
1998 Ymse artistar Merry Axemas 2 – More Guitars for Christmas «God Rest You Merry, Gentlemen» Gitar, produsent, miksar [2]
2001 Phil Lynott Live in Sweden 1983 Alle spor Gitar, korvokal [3]
2002 Hughes Turner Project HTP «Heaven's Missing an Angel» Gitar [4]
2004 Derek Sherinian Mythology «God of War» Gitar [5]
2016 Rick Wakeman, Tony Ashton Gastank «Growing Up», «The Man's a Fool» Gitar [6]
2018 Ymse artistar Moore Blues for Gary: A Tribute to Gary Moore by Bob Daisley and Friends «Still Got the Blues» Gitar [7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: John Sykes