John Ware

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Ware
Fødd2. mai 1944 (79 år)
FødestadTulsa i Oklahoma
FødenamnJohn A. Ware
SjangerCountry, countryrock
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarStone Poneys, First National Band, Emmylou Harris
Verka somMusikar

John A. Ware (fødd 2. mai 1944) er ein amerikansk trommeslagar og perkusjonist, mest kjend som studiomusikar og turnémusikar for andre artistar.

I 1965 byrja Ware å spele i bandet Laughing Wind, som sidan fekk namnet West Coast Pop Art Experimental Band.[1] Ware var medlem av dette bandet fram til 1968.[2]

Ware vart så medldem av The Corvettes, i lag med mellom andre Chris Darrow (gitar, vokal), Jeff Hanna (gitar, vokal), John London (bass) og Bernie Leadon (gitar, vokal).[3] Dei spelte inn to singlar, begge produserte av Michael Nesmith.[4] Linda Ronstadt leigde inn The Corvettes til å vere den andre versjonen av turnébandet sitt, Stone Poneys.[5]

I perioden i The Stone Poneys, vart Ware vener med Michael Nesmith. Då Nesmith slutta i The Monkees, var det Ware sin idé om å skipe First National Band, med Ware, London, Nesmith og Red Rhodes (pedalsteelgitar).[6][7] The First National Band spelte inn tre album i løpet av eitt år, men vart så oppløyst. Dei fekk ein radiohit med songen «Joanne».[8]

Ware spelte òg på konsertopptak i lag med Nesmith i 1977 som kom ut på albumet Live at the Palais i 1978.

Etter First National Band vart oppløyst, spelte Ware som studiomusikar i California og turnerte med John Stewart, Hoyt Axton og Ian Matthews. I 1973 vart han igjen trommeslagar for Linda Ronstadt.[9] I 1975 vart Ware medlem av bandet til Emmylou Harris, Hot Band, i lag med Glen D. Hardin, James Burton, Hank Devito, Emory Gordy jr. og Rodney Crowell. Ware spelte med Harris fram til 1982.[8][10]

I 2004 kom det originale Hot Band (med Ware) saman att for ein enkel konsert i Nashville då ASCAP gav Harris ein Founders Award.[11]

I 2013 spelte Harris og Rodney Crowell inn eit album med duettar, Old Yellow Moon, der Ware var ein av musikarane..[12][13]

I nokre månadar i 2017 var Ware medlem av Wild Mountain i Denver.[14]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med First National Band[endre | endre wikiteksten]

Med Emmylou Harris and the Hot Band[endre | endre wikiteksten]

Med Wild Mountain[endre | endre wikiteksten]

  • 2017: Wild Mountain - Greengrass (self-released)

Som produsent[endre | endre wikiteksten]

Andre[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bruno Ceriotti (3. desember 2010). «West Coast Pop Art Experimental Band Family Tree & Shows List». Rock Prosopography 102. Henta 28. oktober 2020. 
  2. Mark Deming. «The West Coast Pop Art Experimental Band: Biography». Billboard. Henta 28. oktober 2020. 
  3. Vaughan, Andrew (Dec 12, 2014). The Eagles FAQ: All That's Left to Know about Classic Rock's Superstars (1 utg.). Henta 28. oktober 2020. 
  4. «Early Country Rock». Office Naps. 6. september 2010. Arkivert frå originalen 8. september 2015. Henta 28. oktober 2020. 
  5. uncredited (1. november 1968). «Gypsy Eyes». Cleveland Scene. Henta 28. oktober 2020. 
  6. «Six Degrees of Monkees». monkeeTV. 6. august 2013. Henta 28. oktober 2020. 
  7. Einarson, John (2001). Desperados: The Roots of Country Rock (1 utg.). Rowman & Littlefield. Henta 28. oktober 2020. 
  8. 8,0 8,1 Brian T. Marchese (30. april 2012). «Interview with John Ware (yes, THAT John Ware)». Where's That Sound Coming From. Henta 28. oktober 2020. 
  9. Richard Selinkoff (26. mars 2016). «John Ware 1971-1975». Name Dropping. Henta 28. oktober 2020. 
  10. Erlewine, Michael (1997). All Music Guide to Country: The Experts' Guide to the Best Recordings in Country (1 utg.). Henta 28. oktober 2020. 
  11. Shelburne, Craig (9. november 2004). «Harris’ Original Hot Band Reunited at ASCAP Awards». CMT News. Henta 28. oktober 2020. 
  12. Parrish, Randall (11. april 2013). «Essentials: Emmylou Harris & Rodney Crowell ‘Old Yellow Moon’». Vivascene. Henta 28. oktober 2020. 
  13. Minkin, Jay (13. februar 2013). «Richard Thompson , Emmylou Harris and Rodney Crowell are Record Magic». No Depression. Henta 28. oktober 2020. 
  14. «Wild Mountain getting better and better». DenverCeltic Music. 2. oktober 2016. Henta 28. oktober 2020. 
  15. «Steve Gillette: Vocals, Guitar». About The Man. 14. juli 2017. Henta 28. oktober 2020. 
  16. Sanders, Ed (Dec 13, 2011). Fug You: An Informal History of the Peace Eye Bookstore, the Fuck You Press, the Fugs, and Counterculture in the Lower East Side (1 utg.). Henta 28. oktober 2020. 
  17. Cash, Rosanne (Aug 10, 2010). Composed: A Memoir (1 utg.). Henta 28. oktober 2020. 
  18. Watts, Derek (18. april 2008). Country Boy: A Biography of Albert Lee (1 utg.). Henta 28. oktober 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]