John William Edy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John William Edy
Statsborgarskap Danmark
Fødd 7. mai 1760
Danmark
Død

1820 (59 år)

Yrke kunstnar, gravør, kunstmålar
John William Edy på Commons
Ny-Hellesund frå Boydell's picturesque scenery of Norway med teikning av Edy
Hovudbygninga ved Moss Jernverk, Konvensjonsgården
Oslo domkyrkje i Oslo.

John William Edy (ca. 1760–ca.1820)[1] var ein engelsk kunstmålar og teiknar.

Han arbeidde for forleggjaren John Boydell i London, ofte anonymt.[2] Sumaren 1800 var Edy i Noreg på oppdrag for Boydell saman med landskapsmålaren William Fearnside. Dei var i Noreg frå 31. juli og til slutten av september same år.

Edy utførte fleire teikningar på reisa, blant anna frå Ny-Hellesund som var plassen reisekameratane kom til fyrst.[3] Han er også kjend for teikningane sine frå Oslo og Moss. I Moss måla han hovudbygninga på Moss Jernverk, Konvensjonsgården; måleriet heiter «Höyvelbårne B. Ankers Huus i Moss».[4] Eit handkolorert koparstikk i fargar finst på Stortinget.[5]

Boydells Picturesque Scenerey of Norway kom ut i London i 1820.[2] Historikaren Ole Andreas Øverland gav ut ei norsk utgåve kalla Det gamle Norge i billeder og tekst i 1910. Boka hadde undertittelen Planer til en «malerisk reise gjennom Norge» J. W. Edys tegninger fra aar 1800 og inneheld to plansjar i fargar og dei øvrige er i svart-kvitt.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. John William Edy frå Prosjekt Runeberg
  2. 2,0 2,1 2,2 Forord fra Det gamle Norge i billeder og tekst frå Prosjekt Runeberg
  3. Jan G. Langfeldt: Kunstneres og forfatteres interesse for Ny-Hellesund
  4. Höyvel. B. Ankers Huus i Moss frå Digitalt Museum
  5. Hovedbygningen på Moss jernverk Arkivert 2013-11-14 ved Wayback Machine. frå Stortinget

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: John William Edy