Hopp til innhald

John William Glover

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John William Glover
Fødd19. juni 1815
Død19. desember 1899 (84 år)
Instrumentorgel
Verka somkorleder, komponist, dirigent

John William Glover (19. juni 181519. desember 1899) var ein irsk komponist, dirigent, organist, fiolinist og lærar.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Glover var fødd i Dublin, der han fyrst blei ein orkestral violinist i 1830. I 1848 etterfølgde han Haydn Corri som organist ved St. Mary's Pro-Cathedral i Dublin, og blei òg professor i musikk ved Central Model Schools i National Education Board.[1] Han var ein erfaren koraldirigent og grunnla det kortvarige Choral Institute i Dublin i 1851. Han presenterte ein serie «National Concerts» i 1853 til minne om Thomas Moore eit år etter at diktaren hadde døydd, og organiserte og dirigerte òg store musikalske framføringar i høve hundreårsdagane til Daniel O'Connell (1875) og Thomas Moore (1879).

Som komponist var Glover ein av få innfødde irske komponistar som dyrka det klassiske musikklivet i Dublin på midten av 1800-talet, og blant desse var han den einaste av som var katolikk. Han var ein personleg ven av emigrantane Michael William Balfe og William Vincent Wallace, og han var også interessert i opera, til trass for dei vanskelege omstenda med sjangeren i Irland i denne perioden. Det mest ambisiøse arbeidet hans var ein opera i tre akter, The Deserted Village (libretto av Edmund Falconer etter Oliver Goldsmith sin roman med same namn), som blei framført i Dublin i 1880 og publisert i London. Han nytta irsk tradisjonsmusikk i lita grad, men bidraget hans er likevel viktig verk i den irske nasjonale operakanonen. Andre store verk inkluderer eit «nasjonalt oratorium», St Patrick på Tara (1875), skrive til hundreårsdagen til O'Connell Hundred Year Ago, og kantata Hundred Years Ago (1879) skriven til hundreårsdagen til Moore. Han skreiv òg ein fiolinkonsert av ukjend dato.[2]

Glover var òg ein ekspert på irsk folkemusikk. Han førelas mykje om dette emnet i Dublin, London og Paris. Blant utgjevingane hans er ei av dei eldste samlingane av Thomas Moore sine Irish Melodies med akkompagnement av Glover, 1859), og han samarbeidde med Patrick Weston Joyce og bidrog med akkompagnement til hans Ancient Irish Music (1873). Glover døydde i Dublin.

Han var bestefar til Jimmy Glover, som var musikalsk direktør ved Theatre Royal, Drury Lane frå 1893 til 1920.[3]

Verk i utval

[endre | endre wikiteksten]
  • St. Patrick at Tara (Dublin, 1875), cantata
  • One Hundred Years Ago. Ode to Thomas Moore (1879), cantata
  • The Deserted Village (libretto: Edmund Falconer, after Oliver Goldsmith), opera in 3 acts (London: Duncan Davison & Co., 1880)

Kyrkjemusikk

[endre | endre wikiteksten]
  • First Mass for Four Voices, for 1st and 2nd trebles, tenor, bass, organ (London: Richard Butler, c.1860)
  • Ave Maria (Duetto-coro) (London, 1864)
  • Salve Sancta Parens (Hymn of the Blessed Virgin) (London, 1864)
  • O Jesu bone Pastor (Offertorium) (London, 1865)
  • Responses at High Mass (London, 1865)
  • Have Mercy Upon Me O Lord (Sacred song) (London, 1866)
  • Ecce Sacerdos Magnus (Motet) (London, 1867)
  • O Salutaris Hostia (Solo & quartett) (London, 1868)
  • Sixth Mass for Four Voices (London, 1872)

Pianomusikk

[endre | endre wikiteksten]
  • Brilliant Fantasia on Airs from Donizetti's Opera Don Pasquale (London: B. Williams, 1860)
  • Galop di Bravura on a Favorite Air by Auber, as a Fantasia (London, 1865)
  • A Planxtae, "National Irish dance tune … founded upon an ancient Irish melody" (London: Duncan Davison & Co., 1870)
  • La Bella Sorrentina, "Romanza Napolitaine" (London, 1870)
  • The Cruiskeen Lawn, "descriptive fantasia" (London, 1870)
  • The Skedaddle Galop (London, 1873)
  • Brilliant Fantasia … on the celebrated Irish melodies … (London: Edwin Ashdown, c.1891)

Orgelmusikk

[endre | endre wikiteksten]
  • Professor Glover's Organ Book (London, 1870)
  • Voluntaries for the Organ (1892)
  • Old Erin's Lovely Girls (T. A. Ogle) (London, 1864)
  • The Heart that Loves Me Dearest (T. A. Ogle) (London, 1864)

Folkesongarrangement

[endre | endre wikiteksten]
  • Thomas Moore's Irish Melodies (Dublin: James Duffy, 1859)
  • Ancient Irish Music, collected by Patrick Weston Joyce (Dublin: McGlashan & Gill, 1873)
  1. Paul Collins: "Glover, John Williams", in: The Encyclopaedia of Music in Ireland, ed. H. White & B. Boydell (Dublin: UCD Press, 2013), p. 435.
  2. See Collins (2013).
  3. M. C. Rintoul, Dictionary of Real People and Places in Fiction, p. 447.