Johnny Giles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johnny Giles
Statsborgarskap Irland
Fødd 6. november 1940
Dublin
Idrett fotball
Yrke fotballspelar, journalist, fotballtrenar

Michael John Giles, kjend som Johnny Giles, (fødd 6. november 1940) er ein irsk tidlegare fotballspelar frå Dublin, særleg kjend for sine tolv år som midtbanespelar i Leeds United. Han var ein kreativ spelar, viktig i det offensive spelet til Leeds.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Giles spelte på Manchester United frå 1959 til sommaren 1963. I sin siste obligatoriske kamp for Manchester-laget var han med å vinne FA-cupenWembley stadion i London, der Leicester City måtte tole tap 1-3. Mot £33,000 vart Giles i august 1963 overført til Leeds United, ein klubb som i hans fyrste sesong rykte opp frå 2. divisjon. Det neste tiåret danna han og lagkapteinen Billy Bremner ein av dei beste midtbaneduoane i britisk fotball. Frå 1968 til -74 vann Giles og Leeds to gongar messebycupen, og likeså den engelske ligameisterskapen. Dessutan triumferte Leeds i ligacupen 1968 og FA-cupen 1972. Derimot rauk Leeds på eit sensasjonelt finaletap mot Sunderland FC i FA-cupen 1973. Våren 1975 tok Leeds seg til finalen i europacupen, der laget tapte 0-2 mot Bayern München. Nmnde finalekamp var Giles' siste i Leeds-drakt. Pussig nok skåra han nøyaktig like mange mål for Leeds som Billy Bremner, 115 i alt. I juni 1975 tok Giles jobb som spelande trenar for West Bromwich, ein klubb som året etter rykte opp i 1. divisjon. Deretter hadde han perioden 1977-83 same stilling i Shamrock Rovers i heimlandet.

Landslagsspel og landslagssjef[endre | endre wikiteksten]

Giles spelte 59 landskampar frå debuten 1. november 1959, til dess han takka av 22. mai 1979. I debutkampen mot Sverige reduserte han til 1-2 i ein kamp Irland vann 3-2. Han var kaptein på landslaget i 1968, fast kaptein frå 1970. Gjennom 31 kampar leia han laget på bana, eit landslag som aldri kvalifiserte seg til ei større turnering i hans aktive tid. Giles skåra fem mål for Irland, mellom anna då Noreg i 1964 tapte ein vennskapskamp på eiga heimebane med siffera 1-4.

Frå 1973 til 1980 var Giles i tillegg sjef for det irske landslaget.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av messebycupen: 1968 og 1971 med Leeds United
  • Engelsk ligameister: 1969 og 1974 med Leeds United
  • Vinnar av FA-cupen: 1963 med Manchester United og 1972 med Leeds United
  • Vinnar av ligacupen: 1968 med Leeds United
  • Tapande europacupfinalist: 1975 med Leeds United

Kjelder[endre | endre wikiteksten]