Johnny Rep

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johnny Rep


Statsborgarskap Kongeriket Nederlanda
Fødd 25. november 1951 (72 år)
Zaandam
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1978, VM i fotball 1974, EM i fotball 1976, EM i fotball 1980

John Nicolaas Rep (fødd 25. november 1951) er ein tidlegare nederlandsk fotballspelar (høgrekant) og -trenar.

Rep spelte for ei rekkje europeiske klubbar gjennom sin 16 år lange karriere, mellom anna Ajax og Feyenoord i heimlandet, Valencia i Spania og franske AS Saint-Étienne. Hjå Ajax var han med om å vinne ei lang rekke titlar, mellom anna to nederlandske seriemeisterskap og to utgåver av Europacupen. Han vart òg fransk seriemeister med AS Saint-Étienne.

Rep spelte dessutan 42 kampar og skåra 12 mål for det nederlandske landslaget. Han var med om å vinne sølv med det nederlandske landslaget i VM 1974 i Vest-Tyskland og VM 1978 i Argentina. Han skåra 4 mål i 1974 og tre mål i 1978. Dei sju skåringane gjer han til den mestskårande nederlandske spelaren i VM nokon sinne.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Nederlandsk seriemeister: 1972 og 1973 med Ajax
  • Vinnar av Europacupen: 1972 og 1973 med Ajax
  • VM-sølv: med Nederland i 1974 og 1978
  • Fransk seriemeister: 1981 med Saint-Étienne
  • Tapande finalist i UEFA-cupen: 1978 med Bastia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]