Johnny Stenberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johnny Stenberg
Fødd3. januar 1925
Eigersund kommune
Død17. mars 1990
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
InstitusjonarNoregs Statsbanar

Johnny Stenberg (3. januar 192517. mars 1990) var ein norsk jarnbanemann og politikar for Arbeidarpartiet som var stortingsrepresentant frå Nord-Trøndelag i tida 1973-81.

Stenberg var son til ein jarnbanemann og voks opp på Moi i Dalane. Etter Orkdal landsgymnas fekk han stilling som stasjonsbetjent i Norges Statsbaner i Trondheim-distriktet i 1944. Frå 1949 arbeidde han som konduktør i NSB både i Drammen-, Egersund- og Trondheim-distrikta. I 1962 vart Stenberg tilsett som overkonduktør i Trondheim-distriktet.

Stenberg budde i Gudå i Nord-Trøndelag og var medlem i Meråker kommunestyre og formannskap 1960–75, varaordførar 1964–66,ordførar 1967–73 og varaordførar 1974–75. Frå 1. april 1965 fungerte han som ordførar då den valde ordføraren var sjuk.

Hausten 1973 vart Stenberg vald inn på Stortinget frå Nord-Trøndelag, attvald 1977. Alle åtte åra på Tinget var han ein av Arbeidarpartiet sine medlemer i Kommunal- og miljøvernkomitéen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]