Johnny Weissmuller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johnny Weissmuller

Fødd2. juni 1904
FødestadFreidorf
Død20. januar 1984 (79 år)
DødsstadAcapulco
FødenamnPeter Johann Weißmüller, Weissmüller János
Aktive år1931–1976
Verka somfilmskodespelar, symjar, skodespelar, vannpolospiller, fjernsynsskodespelar
EktefelleBobbe Arnst, Lupe Vélez
BornJohnny Weissmuller Jr.
PrisarÆresborger av Timișoara, International Swimming Hall of Fame, stjerne på Hollywood Walk of Fame

Johnny Weissmuller (fødd 2. juni 1904 som Johann Peter Weißmüller, daud 20. januar 1984) var ein amerikansk symjar og skodespelar.

Weissmuller var ein av dei beste symjarane i verda i 1920-åra. Han vann mellom anna fem gullmedaljar i OL[1] og sette 67 verdsrekordar i løpet av karrieren.[2] Han deltok òg på det amerikanske vasspololaget som oppnådde bronsemedalje under Sommar-OL 1924. Etter symjekarrieren spelte han Tarzan i tolv spelefilmar. Andre skodespelarar spelte òg Tarzan, men Weissmuller er den best kjende av dei. Han har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Weissmuller vart fødd i byen Freidorf (ein del av dagens Timişoara i Romania) i Austerrike-Ungarn. Foreldra var frå den tyskspråklege minoriteten i regionen. Familien emigrerte til USA då han var sju månader gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]