Johs. C. Lien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johs. C. Lien
Fødd26. oktober 1837
Rakkestad
Død27. oktober 1917
Rakkestad
NasjonalitetNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde

Johannes Einar Kristensen Lien (26. oktober 183727. oktober 1917) var ein gardbrukar og stortingsmann frå Rakkestad i Østfold. Han var medlem av Venstre.

Lien var son til ein gardbrukar. Han gjekk landbruksskule før han overtok farsgarden i 1860. Tidsrommet 1870-99 var han ordførar i Rakkestad heradsstyre og elles medlem av forlikskommisjonen. Perioden 1883-1900 var han med i tilsynsnemnda for Smaalensbanen.

Lien representerte Smaalenenes amtStortinget frå 1880 til 1888 samt valbolken 1892-94. Han var medlem av vegkomiteen 1880-88 og frå 2. april 1883 til 1888 og på ny 1892-94. 1892-94 var han i tillegg medlem av valkomiteen og budsjettkomiteen. Lien var medlem av riksretten 1883-84 mot Selmer-ministeriet.

Han døydde på garden sin i Rakkestad i 1917.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Ministerialbok for Rakkestad 1902-22
  • Biografisk informasjon om Johs. C. Lien NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv