Joinville
| Joinville | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Areal | 1 126,106 km² | ||
| Folketal | 616 317 (2022)[1] | ||
![]() Joinville 26°18′14″S 48°50′45″W / 26.303888888889°S 48.845833333333°W | |||
| Wikimedia Commons: Joinville | |||
Joinville er den største byen i Santa Catarina, i sørlege Brasil. Han er den tredje største kommunen i sørregionen i Brasil, etter dei mykje større delstatshovudstadane Curitiba og Porto Alegre. Joinville er òg eit stort industrielt, finansielt og handelssenter.
Byen har ein svært høg Human Development Index (0,809) blant brasilianske kommunar, og er på 21. plass nasjonalt, med ein av dei høgaste levestandardane i Latin-Amerika.[2] Ein studie viste at Joinville var den andre beste byen å bu i i Brasil.[3]
I 2020 var folketalet i Joinville estimert til 597 658, mange av dei av portugisisk, polsk, austerriksk, tysk, sveitsisk, tsjekkisk og italiensk ætt. Metropolområdet hadde 1.340.997 innbyggjarar i 2010, ifølgje folketeljinga til IBGE, og er dermed det mest folkerike metropolområdet i Santa Catarina.[4]
På grunn av utviklinga av byen og ein relativt god infrastruktur har Joinville blitteit viktig senter for arrangement og forretningskonferansar. Byen er òg setet til Den katolske erkebiskopen i Joinville.
Historie
[endre | endre wikiteksten]
Området rundt Joinville var folkesett av guaranifolk i kring 7000 år.[5]
Frå 1851 til 1888 tok byen imot 17 00<0 tyske innvandrar.[4]
Stifting
[endre | endre wikiteksten]
Byen Joinville blei grunnlagd av tyske, norske[6] og sveitsiske busetjarar den 9. mars 1851.[7] Innvandrar frå Noreg utgjorde ei gruppe menn med fleire yrkeskvalifikasjonar, som tømrarar, murarar, bakarar, landbrukarar og til og med ein dyrlege og ein lege. Mange av dei fyrste norske busetjarane blei sjuke av dysenteri, tyfoidfeber og andre sjukdomar. I det fyrste brevet heim, frå juli 1851, forklarte forfattaren at «berre» fire nordmenn var døde hittil: Simon Hansen frå Helgeland, Lars C. Steensem frå Ytterøy, Hans Petter Luttersen frå Horten og Martin Nordby frå Larvik. Mellom 1851 og 1852 forlet 41 nordmenn Joinville, og sju døydde.[5]
Ein monument blei reist av Rio Cachoeira i sentrum av byen i 2001, til ære for dei norske, sveitsiske og tyske busetjarane.[5]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]
Joinville ligg nordaust i Santa Catarina, nær Atlanterhavet, og blir kryssa av elva Cachoeira. Byen ligg ikkje langt unna grensa til delstaten Paraná og delstatshovudstaden hans Curitiba. Byen er omringa av kommunane Garuva, São Francisco do Sul, Arakvari, Guaramirim, Schroeder, Jaraguá do Sul og Campo Alegre.
Byen har ei hamn ved Babitonga-bukta, som fører til Atlanterhavet og tilbyr ei viktig rute for eksport av varer.[8] I 2006-07 var det offentlege diskusjonar om å oppretta eit Baía da Babitonga naturreservat for å administrera mangrovane, fiske og akvakultur i bukta.[9] Dette blei avvist av politikarar og forretningsmenn, som var urolege for påverknaden på planlagde prosjekt i området, inkludert ei hamneutbygging.[10]
Klima
[endre | endre wikiteksten]Joinville har eit fuktig subtropisk klima (Cfa i Köppen si klimaklassifisering). I nokre sjeldne tilfelle blir Joinville ramma av syklonar frå Sør-Atlanteren, der den mest kjende er syklonen Catarina frå 2004. Sjølv om Joinville ligg utanfor tropane, på grunn av den låge høgda og nærleiken til Atlanterhavet, har området relativt lite temperaturskilnad gjennom året. Kvar månad har gjennomsnittlege temperaturhøgder på over 20 °C (68 .
| Vêrdata for Joinville (Univille) (1976–2005) | |||||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
| Gjennomsnittleg maks °C | 29,8 | 29,8 | 28,2 | 27,7 | 25,2 | 22,5 | 21,6 | 22,6 | 22,5 | 24,4 | 26,6 | 29,9 | 25,9 |
| Gjennomsnittleg min °C | 21,4 | 20,5 | 19,8 | 18,5 | 16,1 | 13,6 | 12,9 | 13,5 | 15,3 | 17 | 18,6 | 20,2 | 17,3 |
| Gjennomsnittleg nedbør mm | 258 | 234 | 216 | 122,1 | 111,3 | 98,6 | 107,7 | 98 | 137 | 173,4 | 159 | 208 | 1 923,1 |
| Gns. luftfukt (%) | 84 | 85 | 87 | 84 | 85 | 85 | 88 | 88 | 88 | 87 | 87 | 84 | 86 |
| Kjelde: Empresa Brasileira de Pesquisa Agropecuária (EMBRAPA)[11] | |||||||||||||

Kultur
[endre | endre wikiteksten]
Joinville er vertstad for Festival de Dança de Joinville (Joinville dansefestival), verdas største dansetilstelling. som blir halde kvart år i juli.[12] Joinville er den einaste byen utanfor Moskva som har ein skule for den kjende russiske Bolsjojballetten. Byen har ein katolsk biskop, fleire lutherske kyrkjer (eit av dei største slike kyrkjesamfunna i Brasil), ein botanisk hage og ein dyrehage. Parkar og fleire strender ligg mindre enn ei times køyring frå byen.[13] Joinville har òg fleire museum, inkludert sykkelmuseet MUBI.[14]

Demografi
[endre | endre wikiteksten]Europeiskætta brasilianarar utgjer mesteparten av innbyggjarane, og har som regel opphav frå Sør- og Mellom-Europa. Ein minoritet av folkesetnaden (23,6 %) er klassifisert som svart eller pardo (blanda ætt med brun hudfarge).
| Rase/hudfarge | Prosentdel | Tal |
|---|---|---|
| Kvite | 76,0 % | 468 401 |
| Blanda | 19,5 % | 120 284 |
| Svart | 4,1 % | 25 532 |
| Asiatar | 0,3 % | 1 599 |
| Urfolk | 0,1 % | 463 |
Kjelde: folketeljinga i 2022.[15]
Religion
[endre | endre wikiteksten]| Religion | Prosent | Tal |
|---|---|---|
| Katolikkar | 73,26 % | 314 729 |
| Protestantar | 22,49 % | 96 632 |
| Ingen religion | 2,01 % | 8 656 |
Utdanning
[endre | endre wikiteksten]
Engelsk og spansk er del av den offisielle læreplanen i vidaregåande skular. Sidan ein stor del av innbyggjarane i Joinville er av tysk ætt, blir det òg undervist i dette ved nokre skular.[17]
Høgskular og universitet
[endre | endre wikiteksten]- Den føderale universitetet i Santa Catarina
- Den føderale instituttet i Santa Catarina
- Universidade do Estado de Santa Catarina
Transport
[endre | endre wikiteksten]Flyplass
[endre | endre wikiteksten]Joinville-Lauro Carneiro de Loyola Airport (IATA-kode: JOI) er ein mindre flyplass i Sør-Brasil, og tener berre innanlandsk flytrafikk. Han ligg 13 km frå sentrum.
Bussar
[endre | endre wikiteksten]Byen er betent av Harold Nielson busstasjon.
Fotball
[endre | endre wikiteksten]- Joinville Esporte Clube er ein lokal fotballklubb.
- Alexandr Fier, stormiester i sjakk
- Eduardo Fischer, symjar
- Jovani Furlan, ballettdansar
- Luma Grothe, modell
- Maurício Gugelmin, racerbilførar
- Juarez Machado, målar
- Ana Lúcia Martins, politikar
- Ana Cláudia Michels, modell
- Vitor Miranda, kampsportutøvar
- Marcia Narloch, maratonløpar
- Daniel Orzechowski, symjar
- Gabriel Sara, fotballspelar
- Tiago Splitter, basketballspelar
Sjå også
[endre | endre wikiteksten]- Kolonie-Zeitung, den fyrste avisa trykka i Joinville (på tysk)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Tabela 9605 - População residente, por cor ou raça, nos Censos Demográficos». Henta 30. november 2024.
- ↑ «- Bela Santa Catarina - Portal de turismo e negócios». www.belasantacatarina.com.br.
- ↑ «Joinville é a 2ª melhor cidade do Brasil para se viver, aponta pesquisa». A Notícia. Arkivert frå originalen 12 June 2016. Henta 2016-06-16.
- 1 2 (( Radar Sul )) História da Cidade de Joinville - Santa Catatina - SC - Brasil Arkivert 2008-04-10 ved Wayback Machine.
- 1 2 3 Lund, Fredrik Larsen (2017). Norske utposter. Vega forlag. Side 158. ISBN 978-82-8211-537-7.
- ↑ Sæther, Steinar A. (2015).
- ↑ «Et norsk strandhugg i Brasil».
- ↑ Sergio Silva (2006), PROPOSTA DE MOÇÃO (PDF), henta 2016-05-11
- ↑ Sandra Tavares (18 September 2007), Instituto Chico Mendes e Ibama realizam Consulta Pública para a criação da primeira Reserva de Fauna do País, na baía da Babitonga-SC, Brasília: ICMBio, arkivert frå originalen 30 May 2016, henta 2016-05-11
- ↑ Gert Roland Fischer (22 June 2012), «UC – unidade de conservação de fauna», Ecologia em Ação (på portugisisk), henta 2016-05-11
- ↑ «Atlas climático da Região Sul do Brasil: Estados do Paraná, Santa Catarina e Rio Grande do Sul» (PDF). EMBRAPA. Arkivert frå originalen (PDF) 14 January 2024. Henta 25 May 2024.
- ↑ 26º Festival de Dança de Joinville Arkivert 2008-04-10 ved Wayback Machine.
- ↑ «CELST - Congregação Evangelica Luterana do Brasil Santissima Trindade». www.celst.org.br.
- ↑ MUBI - O Museu da Bicicleta de Joinville (in Portuguese) Arkivert 2009-05-10 ved Wayback Machine.
- ↑ «Censo 2022 - Panorama».
- ↑ Sistema IBGE de Recuperação Automática - SIDRA
- ↑ «- Bela Santa Catarina - Portal de turismo e negócios». www.belasantacatarina.com.br. Arkivert frå originalen 2011-10-01. Henta 2008-04-07.
- Denne artikkelen bygger på «Joinville» frå Wikipedia på engelsk, den 11. august 2026.
