Jokkmokks kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jokkmokk kommune)
Jokkmokks kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Norrbottens län
Landskap Lappland
Del av Lappland i Sverige, Q61679797, Q61669396
Areal 19 334 km²
 - land 17 601 km²
 - vatn 1 734 km²
Folketal 5 113[1]  (2011)
Kart
Jokkmokk
66°37′00″N 19°50′00″E / 66.616666666667°N 19.833333333333°E / 66.616666666667; 19.833333333333
Wikimedia Commons: Jokkmokk Municipality

Jokkmokk (nordsamisk Jåhkåmåhkke) ligg i det svenske länet Norrbottens län i landskapet Lappland. Administrasjonssenter i kommunen er Jokkmokk. Kommunen er den nest største kommunen etter Kiruna ut frå flatevidd. Kommunen grensar mot Noreg i vest og har grenser mot dei svenske nabokommunane Gällivare, Boden, Älvsbyn, Arvidsjaur og Arjeplog.

Jokkmokk vart grunnlagt på byrjinga av 1600-talet då kong Karl IX av Sverige valde å skape kyrkje- og marknadsplassar i det nordlege Sverige. Vintermarknaden Jokkmokks marknad som vert halde kvart år i februar vart først gongen halden i 1605.

Sidan 1950-talet har Jokkmokk opplevd ein storstilt utbygging av vasskraftsressursane i kommunen og kraftprodusenten Vattenfall har vore hjørnestensbedrifta i kommunen. Kommunen står for 10% av vasskraftproduksjonen i Sverige, og Harsprånget er det største vasskraftverket i landet.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Jokkmokk har store urørte naturområde, og nasjonalparkane Stora Sjöfallets nasjonalpark, Padjelanta, Sarek og Muddus ligg heilt eller delvis innanfor kommunegrensene. I Sarek ligg fjellmassivet Sarektjåkkå med det nest høgaste fjellet i Sverige, Stortoppen på 2089 moh. Det er fleire store innsjøar i kommunen, som Virihaure, Vastenjaure, Akkajaure, Stora Lulevatten, Saggat og Skalka som vert drenert av Lule älv eller sideelva Lilla Luleälven. Fjellbyen Kvikkjokk ved innsjøen Saggat er eit ofte brukt utgangspunkt for turar inn i nasjonalparkane Sarek og Padjelanta.

E45 går gjennom kommunen, det same gjer jernbanestrekninga Inlandsbanan.

Samisk språk og kultur[endre | endre wikiteksten]

Ein stor del av innbyggjarane i Jokkmokk kommune har samisk som heimespråk eller kunnskap i samisk. Ein av dei fem sameskulane i Sverige og sameskulestyret held til i Jokkmokk. Samisk har status som offisielt minoritetsspråk i kommunen.[3] Ájtte fjäll- och samemuseum er hovudmusset for samisk kultur i Sverige og ligg i kommunen.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Jokkmokk kommune hadde tre tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.[4]

# Tettstad Innbyggjarar
1. Jokkmokk 2 976
2. Vuollerim 800
3. Porjus 317

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]