Joleklokkor yver jordi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Joleklokkor yver jordi» er ein julesong skriven av Anders Hovden i 1923.

Songen er ei bøn for fred. Andreverset, som ikkje er teke med i salmebøkene, viser direkte til verdskrigen:

Sår ligg verdi etter krigen,
hatet brenn som eld og eim:
Fader, reis no himmelstigen
upp til deg frå kvar ein heim!

Han vart teken inn i med fire vers i Nynorsk Salmebok (1925), som nr 674 i bolken Åndelege songar. I Gymnasiets sangbok (1939) vart teksten kombinert med ein melodi av Rikard Nordraak. I Norsk Salmebok (1985) er han omarbeidd ved at to vers er slått saman til eitt, slik at salmen framstår med tre vers i ein språkdrakt etter læreboknormalen: «Joleklokker over jorda» (nr. 69). I Norsk salmebok 2013 er han på nytt tatt inn med fire vers, som nr. 76. Salmen er òg med i Song for deg og meg (red.: Odd Nordstoga), også her i nyare nynorsk rettskriving, men elles med ordvalet til Anders Hovden.[1]

Meloditilvisninga i Nynorsk Salmebok er «Overmåde fullt av nåde». I Norsk Salmebok (1985) er han oppført til ein melodi frå omkring 1860, skriven av Rikard Nordraak. Denne melodien er i høyringsframlegget til ny norsk salmebok karakterisert som storslått og «pompøs i en positiv betydning av ordet».[2]

Bakgrunnsstoff:[endre | endre wikiteksten]

  1. Aarset tegjer ned Aasen-målet, arkivert frå originalen 3. september 2007, henta 6. desember 2008 
  2. http://www.kirken.no/?event=doLink&famID=55498 Framlegg til endringar i noverande salmar