Jolly Cola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tidlege Jolly Cola-reklame.

Jolly Cola er ein dansk cola som vart lansert og produsert av Dansk Coladrik A/S i 1959. I si stordomstid like etter introduksjonen hadde Jolly Cola 40 % av den danske colamarknaden, men har i dag ein marginal del av marknaden. Jolly Cola hadde heilt opp til midten av 1980-åra ein marknadsdel på omkring 40 % av det danske cola-marknaden. Danmark er det einaste landet i verda, der ein annan cola enn Coca-Cola har hatt ein større marknadsdel.

Drikken blir i dag produsert av Bryggeriet Vestfyen, som òg produserer Jolly Light, sportsvatnet Jolly Time og appelsinbrusen Jolly Orange. Jolly Cola har vore produsert i Noreg.

Jolly Cola gjorde seg kjend med slagordet «Sig Jolly til din cola!». Dette slagordet vart i 50-årsjubileumskampanjen deira i 2009 følgd opp av slagordet «Free your taste».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Jolly-quiz frå 1980-åra.
Jolly-kryssord.

Jolly-Cola vart i første omgang lansert med idealet om å utkonkurrere Coca-Cola på den danske marknaden. I 1959 gjekk 18 danske bryggeri saman og danna Dansk Coladrik A/S som skulle produsere og marknadsføre ein dansk landsdekkande cola. Ei av årsakene til Jolly-Colas suksess var at ein etterlikna Coca-Cola sin forretningsmodell og marknadsføringsform. Eit finmaska distribusjonsnett gjorde at dei fleste colaane som vart drukke i 1960-åra (60 % markedsandel), var danske.

I 1980-åra tok den amerikanske kulturen for alvor til å vinne fram i Danmark. Ei utbreidd amerikanisering ramma Danmark, noko som tydde at forbrukarane fekk auga opp for å drikke Coca-Cola framfor Jolly-Cola. Jolly Cola hadde i 1980-åra stadig godt 60 % an dem danske colamarknaden, men opplevde opp gjennom 1990-åra ein nedgang i salet. Det sviktande salet fekk i 1999 det dåverande FDB til å fjerne Jolly Cola heilt frå hyllene.

I 2002 utgjorde Jolly Cola 6 % av den samla danske brusmarknaden, noko som var redusert til 2 % i 2003. Ei rettssak mellom Bryggeriet Vestfyen og Bryggerigruppen (Royal Unibrew) var same året ved å gjera ende på Jolly Cola. Bryggeriet Vestfyen meinte at Bryggerigruppen heller ville marknadsføre Pepsi Cola på bekosting av Jolly Cola. September 2003 overtok Bryggeriet Vestfyen 96 % av aksjane i den kriseramma sodavatn (dei gjenverande 4 % høyrer til Thisted Bryghus ), og fekk snudd utviklinga i ein slik grad, at Jolly Cola i 2004 utgjorde 25 % av det samla colasalet til Coop Danmark.

Jolly-reklamar[endre | endre wikiteksten]

Gjennom tida har Jolly Cola produsert mange reklamar som seinare har oppnådd kultstatus. Den mest kjente er nok reklamen frå 1992 som inneheld 2 gode frukter.

Ein annan kjent reklamefilm er ein frå 1993, der ei kvinne spelt av Tina Kjær mottar lynmeldingar med seksuelle undertonar frå ein mannleg kollega. Ho mottar så følgjande melding: «Jeg har noget under bordet, du ikke kan modstå. Den er 27,8 centimeter lang.» Så trekkjer kollegaen ein Jolly-Cola fram frå skirvebordsskuffa, medan han smiler kjekt.

Jolly-etikettane[endre | endre wikiteksten]

Jolly Cola-etikettar gjennom tidene.

Jolly har endra litt på etiketten fleire gonger. I 1980- og 1990-åra var det quizzar, kryss og tvers og kloke ordspråk å finne bak på Jollys etikettar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]