Jomfrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jomfrua
Jomfrua
Latinsk namn Virgo
Forkorting Vir
Genitivsform Virginis
Symbologi Frå grekarane
Rektasensjon 13 h
Deklinasjon
Areal 1294 kvadratgrader
nr. 2 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
3
Sterkaste stjerne Spica (α Vir) (1,0. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +80° og −80°

Jomfrua (frå latin Virgo) er eit stjernebilde rundt ekvatorhimmelkvelvinga. Det er eit av stjernebileta i dyrekrinsen. Det ligg mellom Løva i vest og Vekta i aust, og er det nest største stjernebiletet på himmelen (etter Vasslangen). Ein kan lett finne biletet via den mest lyssterke stjerna, Spica.[1]

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet Jomfrua. AlltheSky.com

Den lyssterke Spica gjer det lett å finne Jomfrua, sidan ein kan finne ho ved å følgje kurven til Karlsvogna til Arcturus i Bjørnepassaren.[2]

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Utanom Spica er andre lyssterke stjerner i Jomfrua β Virginis (Zavijava), γ Vir (Porrima), δ Virginis (Auva) og ε Virginis (Vindemiatrix). Andre, meir lyssvake stjerner som har namn er ζ Virginis (Heze), η Virginis (Zaniah), ι Virginis (Syrma) og μ Virginis (Rijl al Awwa).

Stjerna 70 Virginis har ein av dei første kjende exoplanetane, med ein stadfesta planet som er 7,5 gonger massen til Jupiter.

Stjerna Chi Virginis har ein av dei mest massive planetane som nokon gong er funne, med ein masse på 11,1 gonger massen til Jupiter.

Den sol-liknande stjerna 61 Virginis har tre planetar: ein er ei superjord og to har liknande masse som Neptun.

SS Virginis er ei variabel stjerne med ein merkbar raud farge. Ho varierer i storleiksklasse frå 9,6 til 6,0 over ein periode på kring eitt år.[3]

Eksoplanetar[endre | endre wikiteksten]

Det er verifisert 35 exoplanetar kring 29 stjerner i Jomfrua, inkludert PSR B1257+12 (tre planetar), 70 Virginis (ein planet), Chi Virginis (ein planet), 61 Virginis (tre planetar), NY Virginis (to planetar) og 59 Virginis (ein planet).

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Fordi galaksehopen Virgo-hopen ligg innafor grensene til Jomfrua 5° til 12° vest for ε Vir (Vindemiatrix), har dette stjernebiletet særleg mange galaksar.

Somme døme er Messier 49 (elliptisk), Messier 58 (spiral), Messier 59 (elliptisk), Messier 60 (elliptisk), Messier 61 (spiral), Messier 84 (linseforma), Messier 86 (linseforma), Messier 87 (elliptisk og ei kjend radiokjelde), Messier 89 (elliptisk) og Messier 90 (spiral). Ein kjend galakse som ikkje er ein del av gruppa er Sombrero-galaksen (M104), ein uvanleg spiralgalakse. Han ligg kring 10° vest for Spica.

NGC 4639 er ein stavspiralgalakse som ligg 78 millionar lysår frå jorda (raudforskyving 0,0034). Dei ytre armane har mange kefeidar, som vert nytta som normallys for å finne astronomiske avstandar. På grunn av dette nyttar astronomar fleire kefeidar i NGC 4639 for å kaliprere supernovaer type 1a som standardlyskjelde for meir fjerntliggande galaksar.[4]

Jomfrua har fleire galaksehopar, og ei av dei er HCG 62. Hickson-gruppa, HCG 62, ligg 200 millionar lysår frå jorda (raudforskyving 0,0137) og har ein stor, sentral elliptisk galakse. Ho har ein hetrogen halo av ekstremt varm gass som kjem av ein aktiv galaksekjerne i den sentrale, elliptisk galaksen.[4]

M87 er den største galaksen i Virgo-hopen og ligg 60 millionar lysår frå jorda (raudforskyving 0,0035). Han er ei stor radiokjelde, dels på grunn av ein jet av elektronar som vart kasta ut av galaksen frå eit supermassivt svart hòl i sentrum. På grunn av denne jetten er han synleg i fleire forskjellige bølgjelengder, og er av interesse for astronomar som ønskjer å observere svarte hòl i ein unik galakse.[4]

M84 er ein annan elliptisk radiogalakse i stjernebiletet Jomfrua. Han ligg 60 millionar lysår unna (raudforskyving 0.0035). Astronomar har gjetta at farten til gasskya som krinsar rundt kjernen (kring 400 km/s) indikerer at det er eit objekt med masse 300 millionar gonger større enn sola, truleg eit svart hòl.[4]

Sombrero-galaksen, M104, er ein spiralgalakse 28 millionar lysår frå jorda (raudforskyving 0,0034), som ein ser frå sida. Han har ein bul i midten som ebstår av eldre stjerner som er større enn vanleg. Han er omgjeve av ein store, lyse kulehopar og har eit særs markant støvband av polysykliske aromatiske hydrokarbonar.[4]

NGC 4438 er ein sær galakse med ein aktiv galaksekjerne, kring 50 millionar lysår unna jorda (raudforskyving 0,0035). Det supermassive svarte hòlet kastar ut jettar av materie og skapar bobler med ein diameter på opp til 78 lysår.[4]

NGC 4261 har òg eit svart hòl, 20 lysår frå sentrum, med ein masse på 1,2 milliardar solmassar. Han ligg 45 millionar lysår frå jorda (raudforskyving 0,0075), og har ei uvanleg støvete skive med ein diameter på 300 lysår. I lag med M84 og M87, har NGC 4261 sterke emisjonar i radiospekteret.[4]

IC 1101 er ein enorm elliptisk galakse i galaksehopen Abell 2029 kring 1,7 milliardar lysår frå jorda. Med ein diameter på 5,5 million lysår, eller meir enn 50 gonger storleiken til Mjølkevegen, er han den største kjende galaksen i universet.

Jomfru har òg kvasaren 3C 273, som var den første kvasaren som vart identifisert. Med ein storleiksklasse på ~12.9 er han òg den mest lyssterke kvasaren på himmelen, optisk sett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The history of the star: Spica by Richard Hinckley Allen, 1889.
  2. «Night Sky~Big Dipper Navigation». Souledout.org. http://souledout.org/nightsky/bigdippernavigation/bigdippernavigation.html. Henta 10. juni 2016. 
  3. Levy, David H.. Deep Sky Objects. Prometheus Books. ISBN 1-59102-361-0 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Wilkins, Jamie; Dunn, Robert. 3,0 Astronomical Objects: A Visual Reference to the Universe (1st utg.). Buffalo, New York: Firefly Books. ISBN 978-1-55407-175-3. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jomfrua

Koordinatar: Sky map 13h 00m 00s, +00° 00′ 00″