Jomsvikingar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Uvêret i Hjørungavåg. Illustrasjon av Gerhard Munthe
Uvêret under Slaget i Hjørungavaag. Illustrasjon av Halfdan Egedius.

Jomsvikingar var ei gruppe vikingar som levde på 900- og 1000-talet. Ifølgje Jomsvikingsoga og Soga om Olav Tryggvasson i Heimskringla, heldt dei til i Jomsborg, som låg ved kysten av dagens Tyskland eller Polen. Den nøyaktige plasseringa er omdiskutert, men ei mogleg plassering er ved byen Wolin i det noverande Polen.

Det er òg usikkert kven som grunnla Jomsborg. Nokre kjelder hevdar at festninga vart grunnlagd av Harald Blåtann medan andre kjelder seier den vart grunnlagd av Palnatoke.

Jomsvikingsoga fortel at i 986 angreip Jomsvikingane Håkon jarl der dei vart nedkjempa ved slaget i Hjørungavåg. Jomsvikingane deltok òg i slaget ved Svolder i år 1000.

I 1043 gjorde Magnus den gode slutt på Jomsvikingane. Han angreip då Jomsborg, øydela festninga og drap dei overlevande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Knut Helle, «Jomsvikingeslaget – islandsk heltediktning?», Kongsmenn og krossmenn: Festskrift til Grethe Authén Blom, Trondheim : Tapir, 1992, s. 167-193
  • Wladyslaw Filipowiak, Wolin – Jomsborg: en vikingetids-handelsby i Polen, Roskilde 1991

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]