Jon Alfred Mjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jon Alfred Mjøen

Fødd12. juli 1860
Oppdal
Død30. juni 1939
NasjonalitetNoreg
Yrkebiolog, lege, kjemikar
EktefelleClaire Grevérus Mjøen
BarnFridtjof Mjøen, Sonja Mjøen, Jon Lennart Mjøen, Heljar Mjøen

Jon Alfred Hansen Mjøen (12. juli 186030. juni 1939) var ein norsk kjemikar, farmasøyt og hygienikar, fødd på Oppdal i Sør-Trøndelag. Han er særleg kjend for sine studiar i rasebiologi og eugenikk. På 1910- og 1920-talet var han den fremste talsmannen for rasehygiene i Noreg. Mjøen var far til Fridtjof Mjøen, Sonja Mjøen og Jon Lennart Mjøen, og var bror til Alf Mjøen.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Mjøen tok i 1894 doktorgrad i organisk kjemi i Leipzig. Deretter var han universitetsstipendiat i Kristiania. År 1906 grunnla han Vinderen biologiske laboratorium. I 1912 tok han del i stiftinga av den internasjonale eugeniske (rasehygieniske) føderasjonen. To år seinare gav han ut boka Racehygiene. Dette verket vart skarpt kritisert av sentrale folk i det norske forskningsmiljøet på arve-genetikk. Folk som Kristine Bonnevie og Otto Lous Mohr hevda Mjøens arbeid ikkje heldt vitskapleg nivå.

Mjøen hevda at eit moderne samfunn burde vernast seg mot «dårlege arveberara», til dømes mentalt handikappa, forbrytarar og prostituerte. Slike menneske skulle nektast å få barn. Liknande tankar fann gjenklang i medisinske miljø i åra kringom fyrste verdskrigen, men det var lita semje og kva åtgjerder som var legitime for å hindre vidareført dårlege arveanlegg. Gjennom tidsskriftet Den nordiske race presenterte Mjøen frå 1920 nordeuropearar som eit rasemessig ideal. Med andre verdskrigen og nazismen kom denne rasehygieniske tenkninga i vanry.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]