Jon Bing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jon Bing

Fødd30. april 1944
Tønsberg
Død14. januar 2014
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkeskribent, omsetjar, jusprofessor, diktarjurist, science fiction-forfattar, barnebokforfattar, manusforfattar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
Trondheim katedralskole
EktefelleToril Brekke
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Jon Bing (30. april 194415. januar 2014) var ein norsk science fiction-forfattar, jurist og professor i rettsinformatikkjuridisk fakultet ved Universitetet i Oslo. Bing blei rekna som ein føregangsmann innan internasjonal rettsinformatikk. Han var æresdoktor ved Stockholms Universitet, æresdoktor ved Københavns Universitet og Visiting Professor ved Kings College, University of London. Bing var òg leiar av Personvernnemnda. Han var formann i Norsk Filmråd 1979–81, formann i Commitee on Legal Data Processing 1981–82 ved Europarådet, formann i Norsk kassettavgiftsfond 1983–85 og leiar av Norsk kulturråd 19932000. Bing vart fødd i Tønsberg

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Saman med Tor Åge Bringsværd og nokre andre studentar ved Universitetet i Oslo starta Jon Bing opp foreininga Aniara, ein klubb for science fiction-interesserte, som har fått fleire mediaoppslag med utspel om science fiction. Han har gjeve ut fleire bøker, både innan skjønnlitteratur og faglitteratur. Han dobbeltdebuterte saman med Bringsværd i 1967 med novellesamlinga Rundt solen i ring. Han har skrive mange bøker åleine, ofte med god hjelp frå venen Bringsværd.

Litterært la Bing seg på ein roleg, kanskje til tider drøymande skrivestil. Han skreiv om menneske som står utanfor det vanlege samfunnet, men som trass i dette klarar det umoglege. I novella Riestopher Josef frå Rundt solen i ring skreiv han om ein gut som ikkje kan gå utanfor huset på grunn av ein hudsjukdom. Novella handlar om at Riestopher byggjer seg eit romskip og dreg til sola for å fanga ei solstråle.

I nyare tid vert Jon Bing hugsa som ein person som er engasjert i mange emne. Han uttala seg ofte i media i saker som galdt teknologi, opphavsrett og framtida generelt.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1967 - Rundt Solen i ring (med Bringsværd)
  • 1969 - Komplex (novelle-roman)
  • 1969 - Å miste et romskip: et sjansespill (skodespel med Bringsværd)
  • 1969 - Lunarium: boken om månen (essay og artiklar med Bringsværd)
  • 1970 - Det myke landskapet (roman)
  • 1970 - Rød planet (science fiction-antologi med Bringsværd)
  • 1972 - Sesam 71 (noveller) (med Bringsværd)
  • 1972 - Østenfor sol vestenfor måne (science fiction-antologi med Bringsværd)
  • 1972 - Scenario (roman)
  • 1972 - Elektriske eventyr (barnebok med Bringsværd)
  • 1973 - Jeg - en maskin: kybernetiske fabler (noveller med Bringsværd)
  • 1974 - Knuteskrift (noveller)
  • 1975 - Forlagsavtalen (fagbok)
  • 1975 - Azur - kapteinenes planet (barnebok)
  • 1976]- Zalt - dampherrenes planet (barnebok)
  • 1976 - Den gale professor (noveller)(med Bringsværd)
  • 1977 - Dragsug: en science fiction-antologi (med Bringsværd)
  • 1980 - Marco Polos nye eventyr (høyrespel og manus til TV-serie med Bringsværd)
  • 1980 - Stjerneskudd (science fiction-antologi med Bringsværd)
  • 1982 - Mizt - gjenferdenes planet (barnebok)
  • 1982 - Kvartsbrikker: tekster til edb, individ og samfunn (fagbok)
  • 1982 - Utfordringen: en bok om edb, individ og samfunn (fagbok)
  • 1982 - Rettskildebruk (fagbok)
  • 1984 - Flod (barnebok)
  • 1984 - Dobbeltgjengere (roman)
  • 1984 - Boken er død! Leve boken! (essay)
  • 1985 - Tanz - gåtenes planet (barnebok)
  • 1986 - Hvadata? Lesestykker for informasjonssamfunnet (noveller)
  • 1988 - Sikkert som data (noveller)
  • 1988 - Skyggene fra månen (barnebok)
  • 1988 - Satellittfjernsyn (fagbok)
  • 1988 - Av støv er du kommer (skodespel med Bringsværd)
  • 1990 - Etikk i næringslivet (fagbok)
  • 1991 - Fabelprosa II, Minner om fremtiden (noveller med Bringsværd)
  • 1991 - Fabelprosa I, Motgift (noveller) (m/Bringsværd)
  • 1991 - Tvilstilfeller (noveller) (m/Bringsværd)
  • 1991 - Personvern i faresonen (fagbok)
  • 1992 - En gammel romfarers beretninger (roman)
  • 1992 - Fabelprosa IV, Drager og datamaskiner (noveller med Bringsværd)
  • 1992 - Fabelprosa III, Bakkekontakt (noveller) (med Bringsværd)
  • 1992 - Rosenvy og bedriften som visste for mye (krim)
  • 1994 - Offentlige informasjonstjenester: rettslige aspekter (fagbok)
  • 1995 - Piken som ble borte (barnebok)
  • 1995 - Rettslige kommunikasjonsprosesser (fagbok)
  • 1995 - Rettslige konsekvenser av digitalisering (fagbok)
  • 1996 - Elektronisk publisering: utvalgte rettslige aspekter (fagbok)
  • 1998 - Landskap med tegn: en liten bok om informasjonsteknologi og informasjonspolitikk (fagbok)
  • 2004 - Oslo 2084: fire fortellinger om fremtidige forbrytelser (noveller med Bringsværd)
  • 2006 – Norsk skribentrett (saman med Hans Marius Graasvold og Eirik Djønne)
  • 2007 - Nidarholm - Den hvite munkens briller (barnebok)
  • 2008 - Ansvar for ytringer på nett : særlig om formidlerens ansvar

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]