Jon Blund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


Denne artikkelen handlar om den tradisjonelle eventyrskikkelsen Jon Blund. For den tyske dokkefilmen om Jon Blund, sjå Jon Blund (film)
Ol Lukkeøye vert omdirigert hit. For songen, sjå Ol Lukkøye. For bokseren med dette kallenavnet, sjå Ole Klemetsen
Ol Lukøje. Illustrasjon av Vilhelm Pedersen (1820–1859) til H.C. Andersens eventyr som vart utgjeve første gong i 1842.

Jon Blund, John Blund eller Ole Lukkøye er ein eventyrskikkelse frå blant anna tysk og skandinavisk folkediktning som har som oppgåve å få menneske, særleg born, til å sovna om kvelden. Jon Blund vert ofte framstelt som ein liten mann som kjem med sand eller magisk sovepulver som han dryssar i auga på dem som skal sova, for å få dem til å lukka auga, sova godt og drøyma søtt.

Namnet Jon Blund eller John Blund har tradisjonelt først og fremst vore brukt i Noreg og Sverige, men figuren er òg kjend under det danske namnet Ole Lukøje og særleg slik han er skildra av eventyrdiktaren H.C. Andersen. Den engelske ekvivalenten til skikkelsen vert kalla Sandman. I nyare tid er Jon Blund òg brukt som det norske namnet på Teiknefilmfiguren Sandmann, ein figur frå ei lang serie korte dokkefilmar produsert frå 1960 av austtysk fjernsyn som godnatthistorier for born. Den vart òg send på norsk fjersyn for nokre år sidan.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Eventyrdiktaren H. C. Andersen (1805–1875) har særleg gjennom sit eventyr om Ol Lukøie påverka vår oppfatning av Jon Blund.

Jon Blund har røter i gammal folklore, særleg korte godnattfortellingjar for å byssa små born i søvn. Namnet Jon Blund opptrer i ei tekst av den svenske poeten Johan Runius allereie omkring 1710. På norsk finnar vi Jon Blund nemnt mellom anna i Asbjørnsen og Moes folkeeventyr En gammaldags juleaften, der uttrykket «snart kommer Jon Blund» brukast synonymt med «snart skal dei sova». Òg August Strindberg nemner John Blund i eit av sina kammerspel med referanse til gamle barneforteljingar. Formen John Blund er vanlegast på svensk, men har òg vore brukt på dansk, mellom anna på 1700-talet.

Den tyske forfattaren Ernst Theodor Amadeus Hoffmann skildrar skikkelsen i sin dramatiske eventyrnovelle Der Sandmann frå 1817 og H.C. Andersen i sit eventyr Ol Lukøie i 1841 og eventyrkomedien frå 1850. Ifølgje H. C. Andersens eventyr kjem Ol Lukkøye med to paraplyar, den eine med skjønne bilete på innsida som han slår opp over dei snille for at dei skal drøyma søtt, den andre utan bilete for at dei slemme skal sova tungt og verta uhvilt neste dag. I eventyret vert det fortalt òg fortrøstningsfullt om ein anna Ol Lukkøye som lukkar auga på folk, nemleg Døden.

Eventyrfiguren er seinare brukt i ei rekkje populære samanhengar, mellom anna i den danske songen Den vesle Ola med paraplyen frå 1873, sangduoen Gerd og Ottos vesle slager Vesle Jon Blund frå like før krigen og i Ivo Caprinos animasjonsfilm Musikk på loftet/Ein dukkedrøm frå 1950. På engelsk vert Jon Blund oftast kalla Sandman og opptrer i fleire bøker og filmar. I moderne populærkultur dannar han dessutan grunnlag for milom anna amerikanske Neil Gaimans Teikneserie The Sandman|Sandman som vart utgjeve mellom 1988 og 1996. Sandmann er òg det vanlegaste namnet for Jon Blund i tysk kultur.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Den svenske malaren Nils Dardels John Blund frå 1927.

Jon Blund eller Jon-Blund var òg namnet på ein hiphop/rap-gruppe frå Bergen. Ole Lukkøye er dessutan klengenavnet til bokseren Ole Klemetsen frå Stavanger.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]