Jon Bojer Godal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jon Bojer Godal
Ongodal.jpg
Fødd 31. januar 1937Rediger på Wikidata
Rauland
Yrke skribent, rektor, offentlig tjenestemann, forstmann

Jon Bojer Godal (f. 1937) er ein norsk formidlar av tradisjonsboren kunnskap. Han har særleg arbeidd med bruk av tre i hus og båtar, og med bygging og bruk av tradisjonelle trebåtar.

Jon Bojer Godal har utdanning frå Norges Landbrukshøgskole. Han har arbeidd som rektor og sjøbrukslærar ved Fosen FolkehøgskoleRissa. Han har vore tilsett ved handverksregisteret, nå Norsk handverksutvikling, på Maihaugen.

Han har publisert stoff om gammal materialbruk. Største arbeidet er 4 bind om åfjordbåten og nordlandsbåten som han skreiv saman med Gunnar Eldjarn.

I 2013 mottok Jon Godal kongens fortenestmedalje i sølv.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Klar deg sjøl. Hvordan overleve i norsk natur. A. Kjellands forlag 1985
  • Nordlandsbåten og Åfjordsbåten. Bind 1 - 4. Saman med Gunnar Eldjarn. 1988 - 1990
  • Beresystem i eldre norske hus. 1994. Ny større utgåve 2009, revidert utgåve 2018, saman med Steinar Moldal, Trond Oalann og Embret Sandbakken.
  • Tre til tekking og kleding' 1994
  • Tre til laft og reis 1994
  • Tre til båtar 2001

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gunnar Eldjarn og Jon Bojer Godal : Nordlandsbåten og Åfjordsbåten
  • Arne-Terje Sæther: «Hallo» - «Ja de e Joooooon», i KYSTEN nr 1 2007
  • kysten.no