Jon Cleary

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jon Cleary
JonClearyLMF2008.jpg
Cleary i 2008
Fødd11. august 1962 (58 år)
FødestadCranbrook i Kent i England
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1980
SjangerFunk, R&B, soul
InstrumentPiano
Tilknytte artistarBonnie Raitt, Taj Mahal, Snooks Eaglin
PlateselskapFHQ, Basin Street, Virgin/Point Blank, Ace
Verka somMusikar

Jon Cleary (fødd 11. august 1962)[1] er ein britiskfødd, amerikansk funk- og R&B-musikar basert i New Orleans, der han har studert den «musikalske kulturen og livet i New Orleans» i følgje nettsida hans.[2] Cleary er ein dugande pianist, men speler òg mange andre instrument og er vokalist og låtskrivar.

Cleary har spelt med ei rekkje musikarar, som Bonnie Raitt, Taj Mahal, B.B. King, Ryan Adams og Eric Burdon. Songane til Cleary er blitt spelte inn av mellom andre Taj Mahal, Bonnie Raitt og John Scofield.

Det noverande bandet til Cleary er Jon Cleary & The Absolute Monster Gentlemen, som har gjeve ut to album.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album
  • Alligator Lips & Dirty Rice (Ace, 1994)
  • Moonburn (Virgin/Poinblank, 1999)
  • Jon Cleary & the Absolute Monster Gentlemen (Basin Street, 2002)
  • Pin Your Spin (Basin Street, 2004)
  • Do Not Disturb (EP) (FHQ, 2007)
  • Mo Hippa (FHQ, 2008)
  • Occapella (FHQ, 2012)
  • Go Go Juice (FHQ, 2015)
  • Dyna-Mite (FHQ, 2018)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jon Cleary and the Absolute Monster Gentlemen», BMA. Arkivert 2008-05-22 ved Wayback Machine.
  2. joncleary.com. Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jon Cleary