Jon Gisle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jon Gisle
Fødd19. november 1948 (75 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkefilolog, dommar, advokat
Utdanna vedUniversitetet i Oslo

Jon Aarstein Gisle (fødd 19. november 1948) er ein norsk jurist, cand. philol., og cand. jur. frå Universitetet i Oslo. Han har sidan 2008 vore advokat i kontorfellesskapet Arbeidsrettsadvokatene i Oslo. Frå 1999 til 2008 var han tilsett i Arbeidsretten, dei siste fem åra som dommar. Gisle har også utgitt Jusleksikon, Kunnskapsforlaget, 3. utgåve Oslo 2007. Gisles spesialområde innanfor jussen er kollektiv arbeidsrett/tariffrett. Gisle var i ei årrekkje forlagsredaktør og redaksjonssjef i fagbokforlaget TANO og har også arbeidd som redaktør i Kunnskapsforlaget og Aschehoug.

Gisle er kjend for med boka Donaldismen frå 1973 å ha starta den litterære «forskingsgreina» donaldisme. Boka kom ut i fleire opplag og vart omsett til svensk og dansk. Andre (reviderte) utgåve kom hausten 2006.

Gisle har vore redaktør av fleire tidsskrift med stoff om teikneseriar, frå Serieleseren via Tekst og Tegning på slutten av 1970-talet som han starta og stort sett dreiv sjølv, til det meir ambisiøse TEGN – tidsskrift om og med tegneserier. Gisle var også ein av stiftarane av foreininga Norsk Tegneserieforum i 1980. Han var blant initiativtakarane til Norsk kulturråds støtteordning for teikneseriar, og var medlem av rådets vurderingsutval for teikneseriar frå starten i 1990 til 2004. Han har også vore styremedlem i Norsk Animasjonsforum.

Gisle er sentral i det norske og europeiske amatørfilm-miljøet og har sjølv produsert ei rekkje prisvinnande kortfilmar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]