Jon Grue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jon Grue
Fødd 6. april 1858
Død

6. juni 1916 (58 år)

Jon Grue (6. april 18586. juni 1916)[1] var ein norsk lærar som var sentral innanfor norsk spesialskulevesen kring 1900.

Grue var frå Tolga i Hedmark. Han vart styrar for Hansens Institutt for Åndssvake Gutter, Lindern i 1896 då staten overtok skulen. Grue var dermed den som fekk ansvaret for flyttinga av skulen til Røstad ved Levanger i 1903. Grue styrte Røstad skole til 1915. Han vart då tilsett som styrar ved Torshov skole, men var då sjuk av tuberkulose og fungerte aldri i stillinga før han døydde.

Jon Grue var gift med den kjende kvinnesakskvinna og målkvinna Anna Welle Grue. Jon Grue stod på oppropet for den store målmarknaden i Oslo hausten 1898 der kona Anna sat i arbeidsnemnda.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jon Grue i folketeljinga 1910 for Levanger[daud lenkje], Aftenposten, 7.6.1916
  2. Den 17de Mai, 21.12.1897

  • Sølvberg, Lauritz: Johan Anton Lippestad og hans verk. Et bidrag til åndssvakeskolens historie i Norge gjennom 100 år. Oslo 1945, s. 242-244.
  • Røstad skole 75 år. 1903-1978. (1978). Digital utgåve ved Levanger kommune Arkivert 2015-05-30 ved Wayback Machine.
  • Alf Taraldsen: Røstad skole Levanger 1903-1992. Skole og heim gjennom 89 år. Levanger 1994.