Jon Herwig Carlsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jon Herwig Carlsen
Jon Herwig Carlsen under Blinkfestivalen.JPG
Fødd 15. april 1937
Yrke journalist, handballspelar
Jon Herwig Carlsen på Commons

Jon Herwig Carlsen (fødd 15. april 1937) er ein norsk sportskommentator som var tilsett i NRK frå 1967 til 2007. Carlsen er nok best kjend som langrenns- og skiskyting-kommentator saman med Kjell Kristian Rike, der Carlsen jamleg les opp eigenproduserte og innsendte limerick – til enkelte sjåarar sin hugnad, og andres irritasjon.

Carlsen har kommentert langrenn og skiskyting i kvart einaste OL og VM sidan 1970-talet. I fleire år kommenterte han skihopp saman med Arne Scheie. Carlsen har og kommentert ishockey, motorsport, segling, padling, roing, curling og sykling for NRK.

I tillegg til jobben i sportsredaksjonen var Carlsen NRKs trafikkjournalist i mange år, og var ansvarleg for programmet Trafikkposten.