Hopp til innhald

Jon Hustad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jon Hustad

StatsborgarskapNoreg
Fødd25. mars 1968
Ørsta kommune
Død

12. oktober 2023 (55 år)
Oslo

Yrkejournalist, faglitterær forfattar, historikar, lektor
PrisarOle Vig-prisen, Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar
Jon Hustad på Commons

Jon Ottar Hustad (25. mars 196812. oktober 2023) var ein norsk lektor, journalist og forfattar frå Bondalen i Hjørundfjord i Ørsta kommune. Hustad var utdanna historikar og tok hovudfag ved Universitetet i Oslo om amerikansk Kina-politikk etter Koreakrigen.[1] I løpet av utdanninga hadde han eit studieopphald i Sambandsstatane. Der gjennomførte han arkivstudiar ved Eisenhower-biblioteket i Kansas.[2] Hustad arbeidde mellom anna som journalist i Klassekampen og forskingsredaktør i Morgenbladet. Ei tid var Han også lærar i grunnskulen. Frå 2007 arbeidde han som journalist i Dag og Tid.

Han fekk Ole Vig-prisen i 2002 og Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2016.[3]

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Skolen som forsvann, 2002
  • 14 menn og 1 kvinne, 2004
  • Hjørundfjorden (med Per Eide), 2005
  • Varsleren, 2006
  • Gjeldsslaven Europa, 2012
  • Partiguiden, 2013
  • Farvel Norge, 2013
  1. Jon Hustad Krise og stillstand : USAs Kina-politikk 1954-1959 Hovudoppgåve i historie - Universitetet i Oslo, 1997
  2. Svein Gjerdåker (2023). «Jon Hustad (1968-1923)». Dag og Tid (42): s. 18-19.
  3. «Hustad heidra». Norsk Tidend (3): s. 23. 2016.