Jon Istad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jon Istad
Fødd 29. juli 1937
Voss
Død

17. mai 2012
Voss

Yrke skiskyttar

Jon Istad (29. juli 193717. mai 2012)[1] frå Voss var ein norsk skyttar og skiskyttar. Han vart skyttarkongeLandsskyttarstemnetKongsberg i 1959, og verdsmeister på 20 km under VM i skiskyting 1966 i Garmisch-Partenkirchen.

Skiskyting[endre | endre wikiteksten]

Istad vart beste norske deltakar både under VM i skiskyting 1962 og VM 1963, siste gongen på ein femteplass. I 1966 vart han i Garmisch-Partenkirchen verdsmeister på 20 km, med tida 1.38,21,8 var han knapt minuttet føre sølvmedaljevinnaren Joszef Sobczak frå Polen i mål. Begge trefte på 16 av 20 skot. På stafetten i same meisterskapen gjekk Istad tredjeetappen på det norske laget som VM-gull, dei andre på laget var Ivar Nordkil, Olav Jordet og ankermannen Ragnar Tveiten. Noreg vann VM-gullet på stafetten også året etter, i Altenberg i DDR. Ola Wærhaug gjekk startetappen, elles gjekk Jordet, Istad og Tveiten dei same etappane som året før. Istad vann bronsemedaljen på 20 km i Altenberg, ei tevling som gjekk under vanskelege tilhøve. Han fekk halvtanna minutt svakare sluttid enn verdsmeisteren Viktor Mamatov frå Sovjetunionen.

Både under vinter-OL 1968 i Grenoble og VM i skiskyting 1969 gjekk Istad på norske sølvlag i stafett. I dei olympiske leikane gjekk han sisteetappen, medan han i 1969 gjekk tredjeetappen. Også Magnar Solberg var på begge dei norske stafettlaga, medan Wærhaug og Jordet fekk OL-sølv og Tveiten og Esten Gjelten vann VM-sølv. Begge åra var det Sovjetunionen som vann gullmedaljane.

Istad la opp i 1969.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1962: Nr 6 på 20 km under VM i Hämäänlinna
  • 1963: Nr 5 på 20 km under VM i Seefeld
  • 1964: Nr 11 på 20 km under vinter-OL i Innsbruck
  • 1966: Gullmedalje på 20 km og på 4 x 7,5 km stafett under VM i Garmisch-Partenkirchen
  • 1967: Bronsemedalje på 20 km, gullmedalje på 4 x 7,5 km stafett under VM i Altenberg
  • 1968: Nr 11 på 20 km, sølvmedalje på 4 x 7,5 km stafett under vinter-OL i Grenoble
  • 1969: Nr 9 på 20 km, sølvmedalje på 4 x 7,5 km stafett under VM i Zakopane

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ein høvding er borte» i Hordaland 18. mai 2012. s.1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar