Jon Jonsen Hyenes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jon Jonsen Hyenes
Fødd 9. juli 1805
Død

30. juli 1884 (79 år)

Jon Jonsen Hyenes (9. juli 180530. juli 1884) var ein norsk klokkar, kyrkjesongar og lærar. Han var frå Hyen i Gloppen kommune. Hyenes var lærar i den første fastskulekrinsen i Gloppen. Jon Hyenes var haugianar og Hans Nielsen Hauge vitja veneflokken sin i Gloppen minst to gonger kring 1800.

Hyenes som på folkemunne gjekk undet namnet Skule-Jo, kom opp i ein hard konflikt med sokneprest Jørgen Meier Heffermehl. Krinsen kring Skule-Jo var konservativ, og klaga presten Heffermehl inn for biskopen for måten han skjøtta gjerninga si på. Dei ville heller ikkje ha han som ordførar, og arbeidde aktivt for å hindre at han skulle halde fram som stortingsmann. Ved valmannsvalet i 1850 fekk Skule-Jo 130 røyster, medan Heffermehl berre fekk tre. Heffermehl svor hemn for nederlaget: Han skulda kyrkjesongaren Skule-Jo for dårleg framferd i tenesta, og fekk han avsett i 1850. Bygdefolket vart så arge at lensmannen ei tid var redd for «den offentlige sikkerhed». 50 mann kom ihop og fekk sakførar til å formulere krav om at Heffermehl vart avsett. Presten på si side hemna seg mot aksjonistane ved å nekte dei nattverd og barnedåp, og gjekk i 1851 like godt til motklage på både Skule-Jo og heile prestegjeldet. Heffermehl fekk fri sakførsel av regjeringa, medan Skule-Jo måtte koste saka sjølv. Saka gjekk heilt til Høgsterett. Skule-Jo vart avsett, og vart ruinert ved utpanting. Heffermehl fekk øydelagt si politiske karriere på striden. Anders Lothe har skildra hendinga i boka Striden millom sokneprest Jørgen Meier Heffermehl og Skule-Jo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]