Hopp til innhald

Jon Jonsson Wold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jon Jonsson Wold

Fødd12. mars 1795
Åsen i Levanger
Død29. juni 1889 (94 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkebonde, politikar
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1845–1847)
  • vararepresentant til Stortinget (1836–1838)
  • vararepresentant til Stortinget (1839–1841)
  • vararepresentant til Stortinget (1842–1844) Sjå dette på Wikidata

Jon Jonsson Wold (12. mars 179529. juni 1889) var ein norsk lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå Åsen i Nord-Trøndelag.

Wold var son av ein gardbrukar i Åsen. Sjølv vart han lensmann i Åsen i 1816, eit ombod han hadde i femti år. I 1822 kjøpte og dreiv han eit bruk på garden Huseby, men frå 1829 var han gardbrukar på Hove i heimbygda. Dette dreiv han mykje fram, med både mylne og sagbruk.

Wold var medlem av heradsstyret, forlikskommissær 1825-79 og styreformann i den lokale sparebanken frå 1862 til 1881. På Stortinget 1845 var han 2. representant frå Nordre Trondhjems amt, medlem av gasje- og pensjonskomiteen.

Tildelt borgardådsmedaljen i sølv.

Han døydde på garden sin i Åsen i 1889.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914