Jon Klein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jon Klein
Fødd9. mai 1960 (61 år)
FødestadBristol, England
FødenamnJonathan David Klein
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1977
SjangerPost-punk, gotisk rock, alternativ rock, eksperimentell
InstrumentGitar, song
Tilknytte artistarEuropeans, Specimen, Siouxsie and the Banshees, Sinéad O'Connor, Space Tribe
Verka somgitarist

Jon Klein (stundom omtalt som John Klein eller John Kline,[1] fødd 9. mai 1960) er ein engelsk gitarist, mest kjend som medlem i gotisk rock-bandet Specimen.

Klein var med å skipe klubben The Batcave i London, som var eit senter for goth-kulturen i Storbritannia tidleg i 1980-åra.

Han var òg med å skipe new wave-bandet Europeans, og var medlem av Siouxsie and the Banshees frå 1988 til 1995. Han har òg spelt med andre artistar som Baron Puppett, Thomas Dolby, Shriekback, Lucia, Space Tribe og Sinéad O'Connor.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jon Klein». Discogs.com. Henta 27. august 2020. 
  2. «Interview for Orkus Magazine». Jungle Records. August 1997. Henta 27. august 2020.