Jon Larsson Smedseng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jon Larsson Smedseng
Fødd 1769
Vefsn
Død

4. november 1831
Vefsn

Yrke bonde, politikar

Jon Larsson Smedseng (17694. november 1831) var ein norsk gardbrukar, båtbyggjar og stortingsmann frå Vefsn i Nordland.

Jon Larsson var fødd på Herringbotnet i Vefsn, faren var gardbrukar. Han vart sjølv gardbrukar på den nærliggjande garden Brekken på Litl-Smedsenget i Vefsn. I bygda gjekk han under namnet «Brekk-Jo». Attåt landbruket var han fiskar og båtbyggjar.

Stortinget 1815-16 var Smedseng 4. representant frå Nordlands amt. Han var medlem av tre komitear, mellom anna av komiteen om kjøpstad i Bodø, og om land-, skog- og bergvesen. Smedseng var den første gardbrukaren frå Nord-Noreg som vart vald inn på Stortinget. Han døydde på Brekken i 1831, han og andrekona vart ført til grava samstundes.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]