Jon Lech Johansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jon Lech Johansen

Statsborgarskap Noreg, Polen
Fødd 18. november 1983 (40 år)
Harstad kommune
Yrke kryptograf, programmerar, informatikar
Språk polsk
Jon Lech Johansen på Commons

Jon Lech Johansen (fødd 18. november 1983) er ein norsk dataprogrammerar. Johansen vart kjent i media som «DVD-Jon» eller «GUI-Jon»[1] etter å ha vore med på å utvikla eit program som braut kopisperraDVD-plater slik at dei kunne avspelast på operativsystemet Linux.

Jon Lech Johansen er fødd i Harstad og er ein sjølvlært programmerar. I 1999 var han med på å utvikla det grafiske brukargrensesnittet til DeCSS, som omgår kopisperra på DVD-plater. I 2002 vart han stilt for retten for å ha gjort det mogleg å omgå denne kopisperra, men vart frifunnen i Oslo tingrett. Domen vart anka av Økokrim. 22. desember 2003 vart han frikjent av lagmannsretten på alle punkt. 5. januar 2004 vedtok Økokrim å ikkje anke avgjerda i saka, som blir sett på som å vere av stor prinsipiell tyding.

Johansen avbraut den vidaregåande utdanninga si for å konsentrera seg om DeCSS-saka, og fortsette å programmera. I 2003 lanserte han programmet QTFairUse, som opnar sperra på Apple iTunes' AAC-filer. I 2005 drog han til USA for å arbeida som programvare-ingeniør. Hausten 2006 drog han tilbake til Noreg, men i 2007 flytta han til USA igjen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «GUI-Jon frikjent i anken», ITpro.no, 22. des. 2003

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]