Jon Todal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jon Todal (fødd i 1952) er ein norsk professor i samisk sosiolingvistikk ved Samisk høgskole.[1]

Todal vart cand. philol. ved Universitetet i Trondheim i 1980. Hovudoppgåva handlar om striden om opplæringsmålet i folkeskulen i Sør-Trøndelag i 1930-åra.[2] Han vart dr.art. med ei avhandling om vitalisering av samisk i 2002.[3][4] Han har arbeidd spesielt med vitalisering av sørsamisk[5] og m.a. skrive monografien Samisk språk i Svahken sijte om dette arbeidet.

Han var også leiar for Fagleg analysegruppe for samisk statistikk frå gruppa vart oppretta 1. oktober 2007 av Sametinget og det tidlegare Arbeids- og inkluderingsdepartementet og fram til 2016. Den faglege analysegruppa gjev ut skriftserien Samiske tall forteller /Sámi logut muitalit.[6]

Todal er opphavleg frå Nordmøre. Han har arbeidd ved Alta vidaregåande skole, Alta lærarhøgskole og frå 1989 ved Samisk høgskole i Kautokeino.

Todal har vore aktiv i målrørsla. Han har vore leiar av Studentmållaget i Nidaros og medlem av landsstyret i Noregs Mållag.[7]

Bibliografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Todal, Jon 2007. Samisk språk i Svahken sijte : sørsamisk vitalisering gjennom barnehage og skule. Utgitt av Nordisk samisk institutt, 2007. (= Dieðut nr 1,2007) ISBN 978-82-7367-010-6

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Forfatterne», Språkspalten (på norsk bokmål), 18. september 2019, henta 24. juni 2021 
  2. «Bibsys», bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com (på engelsk), henta 24. juni 2021 
  3. Håkon, Fottland, «Doktorgrader ved UiT | UiT», uit.no (på norsk bokmål), arkivert frå originalen 7. juni 2021, henta 24. juni 2021 
  4. Todal, Jon (2002). «"-jos fal gáhttet gollegielat" : vitalisering av samisk språk i Noreg på 1990-talet». 
  5. «Vitalisering av sørsamisk - Prosjektbanken», Prosjektbanken - Forskningsrådet (på engelsk), henta 24. juni 2021 
  6. «Forord». Samiske tall forteller 10 / Sámi logut muitalit 10. 2017. s. 3. 
  7. «Årsmelding Noregs Mållag 2010-2011» (PDF) (på norsk). Noregs Mållag. 2011. Henta 24. juni 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]