Jon Tolaas
Jon Tolaas | |
![]() Jon Tolaas. | |
Nasjonalitet | Norsk |
Fødd | 23. juni 1939 Måløy |
Død |
1. september 2012 (73 år) |
Yrke | Lektor, forfattar |
Tema | Draumar |
Periode | 1967- |
Debut | Gjest i ditt tjeld |
Jon Tolaas (3. juni 1939–1. september 2012)[1][2][3] var ein norsk lyrikar, lektor og draumeekspert frå Vågsøy.
Tolaas var utdanna cand.philol. med fransk hovudfag og arbeidde som lektor på Eid vidaregåande skule på Nordfjordeid.
Han debuterte som forfattar i 1967 med diktsamlinga Gjest i ditt tjeld og fekk sidan gjeve ut ei rekkje skjønnlitterære bøker og sakprosabøker om draumar. Ei tid hadde han ei fast spalte i Bergens Tidende og boka Nattkino : Ei bok om draum som kom i 1992 er basert på den. Han fekk Sunnmørsprisen for boka.
Tolaas fekk Fylkeskulturprisen til Sogn og Fjordane fylke i 1987.
Bibliografi[endre | endre wikiteksten]
Bøker[endre | endre wikiteksten]
- 1967 – Gjest i ditt tjeld (Oslo: Noregs boklag) I fulltekst ved nb.no [Dikt]
- 1968 – Glasbrot (Oslo: Noregs boklag) I fulltekst ved nb.no
- 1969 – Rapport frå reservatet (Oslo: Noregs boklag) I fulltekst ved nb.no
- 1971 – Sju (Oslo: Noregs Boklag) I fulltekst ved nb.no
- 1978 – I draumeland : ei hjelpebok i draumeforståing (Oslo: Samlaget) . ISBN 8252107834 I fulltekst ved nb.no
- 1983 – Språket før Babel : dikt (Oslo: Cappelen) . ISBN 8202097800 I fulltekst ved nb.no
- 1984 – Frå vårt natteliv : draumen som problemløysar og skapande kraft (Oslo: Cappelen) . ISBN 8202099617 I fulltekst ved nb.no
- 1985 – Paranormale draumar : sanndraum, telepatiske bruer, psykokinese (Oslo: Cappelen) . ISBN 8202099773 I fulltekst ved nb.no
- 1985 – Stjernefiske (Oslo: Cappelen) . ISBN 8202093430 I fulltekst ved nb.no
- 1986 – To (Naustdal: Sogn og Fjordane Magasin A/S) . ISBN 82-90576-02-1 I fulltekst ved nb.no [Illustratør: Finn Egil Eide]
- 1989 – Fange i beingrind (Bergen: J.W. Eides forlag) . ISBN 8251403472 I fulltekst ved nb.no
- 1990 – Gammalt som vatn : dikt (Oslo: Cappelen) . ISBN 8202125367 I fulltekst ved nb.no
- 1991 – Naglemerke : ein diktsyklus (Oslo: Cappelen) . ISBN 8202132630 I fulltekst ved nb.no
- 1992 – Nattkino : ei bok om draum (Oslo: Samlaget) . ISBN 8252139159 I fulltekst ved nb.no
- 1996 – Flodene og bruset : dikt og prosatekster (Oslo: Cappelen) . ISBN 8202158818 I fulltekst ved nb.no
- 1997 – Ølbollerim frå Nordfjord (Naustdal: Vestlandsforlaget) . ISBN 82-91236-06-2 I fulltekst ved nb.no
- 2003 – The conscious organism (Washington House: Alexandria, Va) . ISBN 1932581006
- 2005 – Evolution and suicide (Salt Lake City: American University & Colleges Press) . ISBN 1589822706
- 2009 – Dønningar (Førde: Selja forlag) . ISBN 978-82-8240-00-22
Dramatikk[endre | endre wikiteksten]
- 1998 – Verdura oppført på Sogn og Fjordane teater
- 1998 – Taxidermi oppført på Sogn og Fjordane teater
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ ««SAMBOK: 1157684272»». Bibliotekkatalogen SAMBOK. Henta 1. april 2012.
- ↑ Fjordabladet 4. september 2012
- ↑ Minneord i Fjordabladet 8. september 2012
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Om Jon Tolaas i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
- I tidsskrift - eit utval ved Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane