Jon Tvedt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jon Tvedt
Jon Tvedt.JPG
Jon Tvedt inn til siger i motbakkeløpet Skåla Opp 2006
Fødd 29. juni 1966
Død

11. januar 2009

Yrke orienteringsløper

Jon Tvedt (29. juni 196611. januar 2009) var ein norsk motbakkeløpar og orienteringsløpar frå Bergen. Han representerte Gular IL.

Jon Tvedt minneplakett og varde som "Stoltzekongen". Trykk på bildet for å lese inskripsjon
Foto: Svein Harkestad

Biografi[endre | endre wikiteksten]

1. oktober 2007 vart Tvedt presentert i dokumentarprogrammet FaktorNRK1. Tittelen på programmet var «Året det var så bratt». Programmet følgde han og sonen gjennom 2007 på vegen mot to mål det året: Å sette ny rekord i motbakkeløpet «Skåla 1848 meter rett opp», og å trene sonen til å greie å stå. Sonen vart fødd tre månader for tidleg og fekk ei hjerneskade etter ein operasjon og krev mykje trening for å ha håp om å kunne stå og eventuelt gå. Tvedt sjølv måtte balansere eit liv i uro for sonen med eigen toppidrettssatsing på motbakkeløp og ein kneskade.

Jon Tvedt døydde 11. januar 2009 på ein treningstur saman med broren og ein kamerat på Gullfjellet ved Bergen.[1]

Orientering[endre | endre wikiteksten]

Tvedt hadde ein lang karriere som orienteringsløpar, og vann fleire NM-titler. Han representerte Gular IL, men har før sprunge for Askøy OL, Halden SK og Kristiansand OK.

I 1993 vann han Nordisk meisterskap i langdistanse i Sibbo, Finland. I VM i orientering har Tvedt to fjerdeplassar som beste resultat. Desse kom på mellomdistanse i West Point, USA i 1993, og på stafett i Detmold, Tyskland i 1995. I 1995 vart han også nummer seks på langdistanse individuelt.

NM[endre | endre wikiteksten]

Tvedt har elleve noregsmeisterskap og åtte andre NM-medaljar frå orientering og friidrett. Han var også to gongar juniornoregsmeister.[2]

Plassering Øving År
Gull Motbakkeløp 2005, 2006, 2007 og 2008
Gull Orientering ultralang 1991, 1992, 1993, 1994 og 1995
Gull Orientering kort løype 1999
Gull stafett 1993
Sølv Orientering ultralang 1999, 2005 og 2006
Sølv terrengløp 1998
Bronse Orientering ultralang 1998
Bronse Orientering kort løype 1994
Bronse terrengløp 1994 og 1999

Motbakkeløp[endre | endre wikiteksten]

Tvedt satsa dei siste åra på motbakkeløp. Han kombinerte med dette naturopplevingar og toppidrett. Han vann ei rekke løp i inn- og utland og var ein leiande utøvar innan denne idretten.

I 2007 var bakkeløpet TurtagrøFanaråken sett opp som NM-løp. Tvedt vann klasse 40–44 år på bestetid uansett klasse. [3]

Skåla Opp, eller «Skåla 1848 meter rett opp», er eit av dei hardaste motbakkeløpa i verda. Det går frå Nordfjorden|fjorden]] i Loen i Stryn kommune og opp til Skålatårnet på toppen av fjellet Skåla. Tvedt vann løpet to gongar og sette i 2007 ny løyperekord med 1 time, 8 minutt og 39 sekund.[4]

Tvedt i Skåla Opp:

  • 2005: Nr 2: 1.11,02
  • 2006: Vinnar: 1.09,06
  • 2007: Vinnar: 1.08,39 (rekord)

Saudehornet rett opp i Ørsta går frå Ørstafjorden opp på det 1303 m høge Saudehornet. Tvedt deltok i 2006, 2007 og 2008, og vann alle tre gongane. I 2007 brukte han 47 minutt og 59 sekund, som er løyperekord.

Tvedt hadde også løyperekorden i fleire år i motbakkeløpet Stoltzekleiven Opp som går i Stoltzekleiven i Bergen kvar haust.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BT.no: Jon Tvedt døde på Gullfjellet, publisert 11. januar 2009
  2. «Jon Tvedt». worldofo.com. Henta 29. juni 2008. 
  3. «NM motbakkeløp 2007». fanaraaken.com. Henta 29. juni 2008. 
  4. «Resultatlister». Skaala.no. Henta 29. juni 2008. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]