Jon Tvedte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jon Tvedte
Fødd28. mars 1915
Død6. februar 1970

Jon Tvedte (28. mars 19156. februar 1970)[1] var ein norsk flygar og offiser. Han gav òg ut tre bøkar om flyging.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Jon Tvedte, i midten, som instruktør for det første jagarflygerkullet i Little Norway.
Foto: Frå Nasjonalbiblioteket

Tvedte vart utdanna flygar i Hærens Flyvåpen i 1935.[2] I 1940 var han elev ved Krigsskolen, og deltok i kampane i Noreg, men vart hardt skadd i eit tysk bombeangrep mot flyplassen på Setnesmoen. Han kom seg etterkvart til Little Norway i Canada, der han vart instruktør for dei norske flyelevane. Seinare kom han til 332 skvadron der han etter kvart vart skvadronsjef.[2]

Etter krigen heldt fram Tvedte i Luftforsvaret, og var blant anna stasjonsjef på Bardufoss flystasjon.[3] Han forlét Luftforsvaret i 1961. Han var då oberstløytnant.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

For innsatsen sin under andre verdskrigen vart Tvedte tildelt blant anna St. Olavsmedaljen med eikegrein[4] og Distinguished Flying Cross.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Opp med Spitfire, 1946
  • Verden får vinger, 1948
  • Flyvningen–det moderne eventyr 1958

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dødsannonse». Aftenposten: 13. 10. februar 1970. 
  2. 2,0 2,1 «Jon Tvedte død (nekrolog)». Aftenposten: 22. 7. februar 1970. 
  3. «Fra statsråd i går». Aftenposten: 3. 13. august 1949. 
  4. Krigskorset og St. Olavsmedaljen med ekegren. Oslo: Grøndahl Dreyer. s. 200. ISBN 8250421906. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Nekrolog Aftenposten 7. februar 1970
  • Luftforsvarets historie, band 2
  • Hærens og marinens flyvåpen 1912 - 1945